HeimHelse, omsorg og sosialNedsett funksjonsevneSøkje opplæring og rettleiing til pårørande

Søkje opplæring og rettleiing til pårørande

Dette er eit tilbod til pårørande med særleg tyngande pleie- og omsorgsoppgåver.

Målet med opplæring og rettleiing frå den kommunale helse - og omsorgstenesta er å gi deg som pårørande støtte til å handtere og meistre rolla di som omsorgsytar. Vi gir dette tilbodet til den omsorgstmottakaren har ført opp som sin næraste pårørande.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune
Helse, omsorg og sosial
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadene etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva kostar det?

Opplæring og rettleiing kostar ingenting.

Kva får du?

  • Pårørande får opplæring i særleg tyngande omsorgsoppgåver ut frå sine behov og ønske
  • Pårørande får støtte og hjelp til å handtere og meistre rolla som omsorgsytar

Krav til søkjar

  • Pårørande må ha behov for og ønske opplæring - eller rettleiingstiltak i utføringa av særleg tyngande omsorgsoppgåver, og ha evne og vilje til å ta imot og nyttiggjere seg tiltaka
  • Opplæring- eller rettleiingstiltak må sette den pårørande i stand til å ta i vare brukaren på ein forsvarleg måte
  • Opplæring og rettleiing som omfattar informasjon om omsorgsmottakaren som er underlagt teieplikt krev samtykke
  • Omsorgsmottakaren må bu heime og ønske omsorga frå den pårørande

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

Anette Knutsen

  • Telefon: 945 39 393

Hanne Bernes Øvsthus

  • Telefon: 409 12 114

Hilde Johannessen

  • Telefon: 408 06 963

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 21.11.2018
Publisert: 21.11.2018