TT-kort eller transportordninga for funksjonshemma er eit ikkje lovfesta tilbod til innbyggjarar i Hordaland som på grunn av varig sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte det ordinære kollektive rutetilbodet. Ordninga skal ikkje erstatte eit mangelfullt rutetilbod.
Dersom du på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte det offentlege rutetilbodet, kan du søkje om å bli godkjent som brukar av transportordninga.
Frå 01.07.2018 tek fylkeskommunen over all sakshandsaminga. Det vil seie at det ikkje lenger er kommunane som handsamar søknader for sine innbyggjarar. Adressa for innsending av søknad står på søknadsskjemaet.
Slik søkjer du
Søknaden skal innehalde eigenerklæring og legeerklæring som ikkje må vera eldre enn 6 månader. Søknadar som manglar eigenerklæring eller legeerklæring vert ikkje handsama. Det er ditt ansvar som søkjar at søknaden blir tilstrekkeleg dokumentert.
Utfylt eigenerklæring saman med legeerklæring sender du til:
Hordaland Fylkeskommune, Samferdselsavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen
Innan 14 dagar etter at du har fått vedtak vil du få tilsendt eit personleg TT-kort med magnetstripe.
Her kan du laste ned skjema:
Trykk her for å laste ned retningsliner for transportordninga for funksjonshemma i Hordaland