Omsorgsstønad

Du kan søke omsorgsstønad dersom du har særleg tyngande omsorgsarbeid i heimen. Målet er at familien kan halde fram å ha omsorg for sine næraste.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune
Helse, omsorg og sosial
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Desse spørsmåla må du svare på i søknaden

  • Kor mange timar per månad brukar du på omsorgsarbeidet?
  • Er arbeidet meir fysisk eller psykisk tyngande?
  • Førar omsorgsarbeidet til mykje arbeid om natta?
  • Yter du omsorgsarbeid i periodar eller heile tida?
  • Fører omsorgsarbeidet til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid?
  • Har du omsorg for meir enn ein person?
  • Fører omsorgsarbeidet til tapt arbeidsinntekt? (det ikkje er eit vilkår for å få stønad at du har tapt arbeidsinntekt)  

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva får du?

  • Du får godtgjersle for dei timane vi gir deg til pleie- og omsorgsarbeid i heimen kvar månad.
  • Du får kontrakt med opplysningar om timar per veke, lønn og andre vilkår.

Krav til søkjar

  • Han eller ho som mottar omsorg må bu heime.
  • Arbeidet må vere særleg tyngande og gjelde nødvendige oppgåver.
  • Ilag med oss, må du vurdere om omsorgsstønad er det beste alternativet saman med eventuelt andre hjelpetiltak.
  • Dersom du ikkje har søkt om hjelpestønad frå NAV, må du søkje om dette. Les meir om hjelpestønad frå NAV. 

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

Telefon:

Telefontid kvar dag kl. 10.00-14.00.

Anette Knutsen

  • Telefon: 945 39 393

Hanne Bernes Øvsthus

  • Telefon: 409 12 114

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 10.01.2022
Publisert: 07.11.2018