Støttekontakt

Treng du støttekontakt?

Støttekontakt er eit tilbod til personar i alle aldersgrupper som har behov for sosialt samvær, eller som treng støtte for å delta i aktivitetar utanfor heimen.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune 
Helse, omsorg og sosial 
Postboks 1 
5293 Lonevåg

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for støttekontakt. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva kostar det?

Det er gratis å ha støttekontakt. Du må dekke dine eigne utgifter til aktivitetar som du og støttekontakten er med på ilag.

Har du følgjekort, kan støttekontakten din få gratis eller rimelegare inngang mange stader.

Kva får du?

Tenesta skal hjelpe deg til ei meiningsfull fritid og samvær med andre.

Dersom du ønskjer det, kan støttekontakten:

  • Komme heim til deg
  • Bli med på kino
  • Bli med på trening eller andre sosiale aktivitetar med meir

Krav til søkjar

Det er ingen formelle krav for å få støttekontakt. Tenesta er for alle som treng eit slikt tilbod. 

Tilbod om støttekontakt kan verta tildelt når brukar grunna alder, funksjonshemming eller sosial tilhøve treng til å få ei meir meiningsfylt fritid. Osterøy kommune vil prioritera einslege heimebuande med lite nettverk, samt familiar med born/ungdom med ekstra krevjande åtferd. Det skal ligge føre eit grunngjeve behov utover det som er vanleg i høve til alder og livssituasjon.

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

Hanne Bernes Øvsthus

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Vil du bli støttekontakt?

Som støttekontakt får du godtgjerdsle frå kommunen for å hjelpe eit anna menneske som treng støtte til å få ein meir aktiv, meiningsfull og sosial fritid.

Mange treng støttekontakt. Nokon klarar ikkje å kome seg ut på eiga hand, andre treng hjelp til å meistre ulike aktivitetar. Dei som treng støttekontakt er ulike og difor treng me ulike støttekontaktar!

Kven kan bli støttekontakt?

  • du bør vere minst 18 år
  • du må kunne leggje fram politiattest
  • du må vere trygg på deg sjølv og like å vera saman med andre
  • du bør vere tolerant og fleksibel, men samstundes evne å sette klare grenser
  • For å skape trygge rammer kring den du skal hjelpe, er det ein fordel om du bitt deg for minst eitt år.

Slik søkjer du

Du kan søkja om å bli støttekontakt gjennom ledige stillingar når me har utlysning.

Kva skjer når du har søkt?

  • Vi prøvar å svare deg innan fire veker.
  • Vi kallar deg inn til ein ein samtale for å finne ut meir om deg og gi deg meir informasjon om det å vera støttekontakt.
  • Dersom vi ikkje har nokon ledige oppdrag når du søkjer, legg vi søknaden din til side og finn han fram når vi har behov for nye støttekontaktar. 

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

Nina Thorbjørnsen

  • Telefon: 453 76 429

Hanne Bernes Øvsthus

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.


Sist oppdatert: 07.11.2018
Publisert: 07.11.2018