Manntal

Osterøy kommune sitt manntal til offentleg ettersyn 

Du må stå i manntalet for å kunna røysta ved valet. 

Du vil sjølv kunne kontrollera om du står i Osterøy kommune sitt manntal. Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 14.juli til 11.september 2023. (valdagen)

For å stå i Osterøy sitt manntal må du vera folkeregistrert som busett i Osterøy kommune 30. juni 2023. 

Om du meiner det er feil i manntalslistene kan du krevja at valstyret rettar dette opp. 

 

Hovudmanntalet for Osterøy kommune ligg i servicekontoret / rådhuset.  

Krinsmantala finn du her:

 

 

Hauge krins

Coop Extra Valestrandsfossen

Coop Extra Lonevåg

Lonevåg krins

Coop Extra Lonevåg

Valestrand krins

Coop Extra Valestrandsfossen

Fotlandsvåg krins

Joker Fotlandsvåg

Haus krins

Kiwi Haus

Bruvik krins

Nærbutikken, Bruvik

 

Retting av feil: 

Krav om retting må vera skriftleg og grunngjeve, og må sendast til:

Valstyret i Osterøy kommune

Postboks 1

5293 Lonevåg 

E-post: post@osteroy.kommune.no 

 

Ver merksam på dette:

Har du flytta frå Osterøy kommune etter 30. juni 2023, vil du framleis stå i kommunen sitt manntal, og du må enten førehandsrøysta- eller røysta ved ein av krinsane i vår kommunevaldagen 11. september. 

Flytta du til Osterøy etter 30. juni 2023, vil du vera manntalsført i kommunen du flytta frå. Du må enten førehandsrøysta- eller reisa til den aktuelle kommunen for å røystavaldagen. 

 

SAMETINGET SITT VALMANNTAL

I følgje forskrift om val til Sametinget skal kommunen kunngjera og leggja ut Sametinget sitt valmanntal kvart valår.

Folkeregistrerte innbyggjarar i Osterøy kommune, som òg står i Sametinget sitt valmanntal, vil verta tilskrivne direkte.

Det er høve til å krevja retting av valmanntalet, jfr. forskrift om val til Samtinget §9

Krav om retting skal rettast direkte til Sametinget

på e-post samediggi@samediggi.no

pr. post; Posboks 3, 9735 Karasjok


Sist oppdatert: 13.07.2023
Publisert: 16.02.2023