HeimKoronaKoronavaksineRegistrer deg i vaksinekø her

Registrer deg i vaksinekø her

Vaksinekø - registrer deg her

Klikk her for å registrere deg 
Merk: Ein vil ikkje lenger bli oppringt for å få tilbod om vaksine, og det vil også gjelde for dei over 65 år som til no ikkje har vore i kontakt med kommunen.   
Alle som skal ha vaksine må registrere seg via Helseboka (lenka over).

  • Alle over 18 år som ønskjer koronavaksine må registrere seg i vaksinekø. NB! Du må ha bank-ID for å bruke tenesta. (Vel språk ved å trykke på globusen oppe til høgre inne i registreringstenesta). 
  • Du kan også registrere på vegne av andre (t.d. familie som ikkje klarer å registrere seg sjølv). Du logger da inn med din eigen Bank-ID og vel "Registrer på vegne av..:" i første trinn på registreringa.
  • Dersom du IKKJE ynskjer å bli vaksinert ber vi også om at du registrerer deg, og kryssar av for at du ikkje vil bli vaksinert. 
  • Dersom du allereie har fått vaksina må du ikkje registrere deg. 
    Du treng heller ikkje å registrere deg her dersom du er helsepersonell som får vaksina i anna kommune, helseføretak e.l.
  • Vaksina er gratis og frivillig. Det er kommunen som gjennomfører vaksineringa. 
  • Treng du hjelp til registrering eller har du spørsmål om koronavaksinetilbodet i Osterøy som du ikkje finn svar på her?
    Ring koronatelefonen på 56 19 22 77 (08:30 – 14:00 måndag-fredag).
  • Leiter du etter info om koronatesting, covid-19-symptom eller anna koronainfo? Sjå vår Informasjonsside om korona.

NB! Har du spørsmål om di eiga helse, kva medisinar du bruker, og om medisinane du har svekker immunforsvaret ditt, må du snakke med din fastlege.

Når det er din tur:
Etter at du har registrert deg og når det deretter er opna opp for at du kan bestille time for å få satt vaksina, får du beskjed via SMS. I SMSen vil du bli informert om kor og korleis du bestiller time til koronavaksinering. Når du bestiller time er det viktig at du møter til den tida du sett deg opp på. 

Kven får vaksina først og sist?
Prioriteringsliste finn du på FHI sine nettsider her


Sist oppdatert: 09.04.2021
Publisert: 18.02.2021