Oppdateringar - kva skjer i Osterøy
Vaksinasjon i Osterøy - påminning
Det er vaksinering ein gong i veka.
Me minner spesielt om at gruppa på 45-54 år er anbefalt å kome for 3. dose, denne gruppa har noko lav dekning for 3. dose, kun i overkant av 60%.
Til samanligning har gruppa 75-85 år ein dekningsgrad for 3. dose på 93%.
Me minner også på at gruppa med alvorleg svekka immunforsvar kjem for oppfriskingsdose, som for dei vil vere dose 4.
Oppfriskningsdose til personer med alvorlig svekket immunforsvar.pdf
Drop-in koronavaksinering for ungdom mellom 12-17 år
Dato: 9. desember
Tidsrom: kl 12:00 til kl 15:00
Stad: Osterøytunet
Barn/ungdom som ikkje er fylt 16 år, må ha med samtykkeskjema signert av begge føresette. I dei tilfeller der èin forelder har fult juridisk foreldreansvar må dette skrivast i merknadsfeltet. Barn under offentleg omsorg må ha signatur frå barnevernet.
Skjemaet finn du her: bokmal_samtykkeskjema-ved-vaksinering-av-barn-og-ungdom-under-16-ar.pdf (fhi.no)
Om ein av ulike årsaker ikkje får signert samtykke, kan dette skrivast i e-post til osteroy.helsestasjon@osteroy.kommune.no
Tilbodet gjeld:
- Alle mellom 12 og 17 år som ynskjer 1.dose koronavaksine
- 16-17 åringar som ynskjer 2. dose koronavaksine (må vere minimum 12 veker sidan 1.dose)
Sidan det er drop-in tilbod må ein i periodar pårekna litt ventetid.