HeimOppdateringar - kva skjer i Osterøy02.07.21: Status vaksinering

02.07.21: Status vaksinering

Denne veka har me sett 445 vaksinedoser.

Me heldt no på med aldersgruppe 45 – 54 og vil starta på aldersgruppe 18 – 24 og 40 – 44 neste veke.

Me ser at det er nokre uvaksinerte att i dei gruppene me er ferdige med sjølv om alle som har sett seg i vaksinekø er kalla inn og vaksinerte. Om du eller nokon du kjenner er 55 år eller eldre og har framleis ikkje fått vaksine, still deg i vaksinekø og ring koronatelefonen. Det er utruleg viktig at flest mogleg vaksinerer seg og skal du ha vaksine MÅ du stå i vaksinekøen.

Du kan lesa meir om og stilla deg i vaksinekø her: https://www.osteroy.kommune.no/innhald/korona/koronavaksine2/registrer-deg-i-vaksineko-her/

Alle som er fødd i 2003 og tidlegare vil få tilbod om koronavaksine, men då må dei stilla seg i vaksinekø!


Sist oppdatert: 02.07.2021
Publisert: 02.07.2021