HeimOppdateringar - kva skjer i Osterøy09.04.21: Status vaksinering

09.04.21: Status vaksinering

Biletet under viser diagnoser som fører til at ein er oppført i risikogruppa. Dei med høg risiko er dei som har ein av dei diagnosene som er merka med stjerne på lista.

Når ein vert kalla inn til time for vaksinering mottek ein og ein link der ein fyller ut eigenerklæringsskjema. Det er viktig at alle fyller ut dette skjema på førehand slik at me sikrar at sjølve vaksineringa går effektivt.

Me heldt framleis på å vaksinere gruppa 65-74 år og me har nokre att av dei som er fødd i 1947 før me startar på dei fødd i 1948. Me får 43 hetteglas med vaksinedoser neste veke. Eit hetteglas gjev 6 doser.

Illustrasjon risikogrupper


Sist oppdatert: 09.04.2021
Publisert: 09.04.2021