HeimOppdateringar - kva skjer i Osterøy09.07.21: Status vaksinering

09.07.21: Status vaksinering

Me set alle vaksinedosane som me får, men me har fått færre dosar enn det først var meldt så difor går det noko seinare å få vaksinert alle.

I veke 28 (neste veke) og 29 fortsett me med aldersgruppene 45-55 år, 18-24 år og 40-44 år. Det ser ut til at me ikkje begynner på aldersgruppe 25-39 år før i veke 30.

Det er framleis utruleg viktig at flest mogleg vaksinerer seg, og skal du ha vaksine MÅ du stå i vaksinekøen.

Du kan lesa meir om og stilla deg i vaksinekø her: https://www.osteroy.kommune.no/innhald/korona/koronavaksine2/registrer-deg-i-vaksineko-her/


Sist oppdatert: 09.07.2021
Publisert: 09.07.2021