HeimOppdateringar - kva skjer i Osterøy16.07.21: Status vaksinering

16.07.21: Status vaksinering

I veke 29 (neste veke) fortsett me med aldersgruppene 18-24 år og 40-44 år.

Får me dei antal vaksinedosar som er estimert får me vaksinert alle i aldersgruppa 25-39 år i løpet av veke 30 og 31.

Det vil sei at, så sant me ikkje får tildelt færre vaksinedosar enn estimert, kan alle som har registrert seg i vaksinekø i Osterøy kommune ha fått tilbod om 1. dose ved utgangen av veke 31.

Har du ikkje stilt deg i vaksinekø endå?

Det er utruleg viktig at flest mogleg vaksinerer seg, og skal du ha vaksine MÅ du stå i vaksinekøen.

Du kan lesa meir om og stilla deg i vaksinekø her: https://www.osteroy.kommune.no/.../registrer-deg-i.../


Sist oppdatert: 16.07.2021
Publisert: 16.07.2021