HeimOppdateringar - kva skjer i Osterøy21.05.21 Status vaksinering

21.05.21 Status vaksinering

Neste veke planlegg me å sette 420 vaksinedoser, der 149 av dei går til førstegongs vaksinering.

I veke 22 får me 246 dosar til 1. gongsvaksinering og 222 til 2. gongsvaksinering og me planlegg då å starte å kalle inn dei i gruppa 55 – 64 år utan underliggande sjukdom.

Intervall mellom 1. og 2. dose for denne gruppa er 12 veker.

Minner om at alle som møter til vaksinasjon må fylla ut eigenerklæringsskjema på førehand.

Du får link til skjemaet på SMS når du vert kalla inn til vaksinasjon.

For oppdaterte vaksinetal og progresjon sjå her:

 

https://www.osteroy.kommune.no/innhald/korona/koronavaksine2/status-vaksinering/

 

 

 


Sist oppdatert: 21.05.2021
Publisert: 21.05.2021