HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyAvvikling av massevaksinering

Avvikling av massevaksinering

Første dose med koronavaksine vart sett på Osterøytunet 6. januar i år. No har me sett over 10 000 sprøytestikk totalt på Osterøy. Me nærmar oss no målet, og det er færre og færre ostringar som ikkje er vaksinerte.
Me har difor starta å planlegga avvikling av massevaksineringa i Osterøyhallen. Me ser for oss at siste vaksinedag i Osterøyhallen vil vera 16.09.21.
 
Det vil seie at om du ynskjer å nytte deg av tilbodet i Osterøyhallen har du to dagar att der dette er mogleg:
 
  • 09/09/21 - Drop-in kl. 16.00-18.00
  • 16/09/21 - Drop-in kl. 09.30-11.00
For dei som skal vaksinera seg etter 16/09/21 vil det verte oppretta eit alternativt tilbod. Det vil kome meir informasjon om dette.

Sist oppdatert: 03.09.2021
Publisert: 03.09.2021