HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyDrop-in koronavaksinering for ungdom mellom 12-17 år

Drop-in koronavaksinering for ungdom mellom 12-17 år

Dato: 9. desember

Tidsrom: kl 12:00 til kl 15:00

Stad: Osterøytunet

Barn/ungdom som ikkje er fylt 16 år, må ha med samtykkeskjema signert av begge føresette. I dei tilfeller der èin forelder har fult juridisk foreldreansvar må dette skrivast i merknadsfeltet. Barn under offentleg omsorg må ha signatur frå barnevernet. 

Skjemaet finn du her: bokmal_samtykkeskjema-ved-vaksinering-av-barn-og-ungdom-under-16-ar.pdf (fhi.no)

Om ein av ulike årsaker ikkje får signert samtykke, kan dette skrivast i e-post til osteroy.helsestasjon@osteroy.kommune.no

Tilbodet gjeld:

  • Alle mellom 12 og 17 år som ynskjer 1.dose koronavaksine
  • 16-17 åringar som ynskjer 2. dose koronavaksine (må vere minimum 12 veker sidan 1.dose)

Sidan det er drop-in tilbod må ein i periodar pårekna litt ventetid.


Sist oppdatert: 19.11.2021
Publisert: 19.11.2021