HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyDrop-in vaksinering tysdag 12.10 på Osterøytunet

Drop-in vaksinering tysdag 12.10 på Osterøytunet

Me har ein del doser med Pfizer-vaksine på lager som snart går ut på dato. Difor arrangerer me drop-in vaksinering i matsalen på Osterøytunet tysdag 12.10.21 kl 12.00 – 15.00.

Me tilbyr ordinære 1. og 2. dose til dei som ynskjer det, 3. dose til dei over 65 år og dei med nedsett immunforsvar som oppfyller FHI sine kriterium for 3. dose. (Les meir om 3. dose her: https://www.fhi.no/nyheter/2021/enklere-tilgang-til-3.-dose-for-personer-med-nedsatt-immunforsvar/ )

Du er hjarteleg velkommen til å komma og få deg eit stikk om du:

  • Er 16 år eller eldre og er uvaksinert
  • Er 18 år eller eldre og har fått 1. dose for meir enn fire veker sidan
  • Er over 65 år og fullvaksinert for meir enn 6 månadar sidan
  • Er fullvaksinert og oppfyller kriteria for å få tilbod om 3. dose ved nedsatt immunforsvar

Hugs gyldig legitimasjon. Om du skal ha 3. dose grunna nedsett immunforsvar, må du ha med deg dokumentasjon på dette. Sjå linken over.

Du får utdelt eigenerklæringsskjema på staden, og du treng ikkje fylla ut noko på førehand.


Sist oppdatert: 11.10.2021
Publisert: 11.10.2021