HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyDu må ha avtale for å teste deg!

Du må ha avtale for å teste deg!

Det er framleis slik at du må ha avtale for å teste deg for korona på Osterøy.
 
Teststasjonen er open fast måndagar (du må altså ha avtale først) og ved behov på onsdagar og fredagar.
Ein må lage avtale for testing via koronatelefon 56192277 seinast dagen før. Det vil sei før kl. 13.00 tysdagar og før kl. 13.00 torsdagar (ved behov for testing onsdag eller fredag).
Me testar ved symptom og dersom ein er nærkontakt.
 
Testing før fritidsreiser vert gjort om teststasjonen er open og har kapasitet. Dette kostar kr. 500,- pr test.
 
Koronatelefonen 56192277 er open måndag - fredag kl. 08.30 - 13.00.

Sist oppdatert: 09.07.2021
Publisert: 09.07.2021