Ein stor takk!

Første koronavaksina på Osterøy vart sett 6. januar 2021. I dag, over eit år etter, er me endeleg kome til siste dag med massevaksinering.

Vi klarte det saman

Pandemihandteringa  er no over i ein ny fase, det meste vert handtert i ordiner drift.  Det betyr mindre ekstraordiner innsats frå kommunen og dei gode hjelparane våre.

    - Eg ynskjer å nytte høve til å takke alle som har vore med å hjelpt til slik at vi klarte å handtere den store utfordringa pandemien skapte. Både tilsette i kommunen og frivillige har gjort ein heilt framifrå innsats, seier rådmann, Ingvild Kirsti Hjelmtveit.

   - Det har vore eit stort løft, og det har til tider vore krevjande for dei som har stått på i front. Men vi har kome gjennom på ein god måte. Vi har hausta nyttig erfaring og lært at når det krevst så klarer vi bragdene saman, fortel rådmann.

Takk til frivillige, pensjonistar og tilsette

Mange tilsette har strekt seg langt, og lagt bak seg to år med stor arbeidsbelastning. Mange pensjonistar fekk ein litt annan kvardag enn dei kanskje såg for seg. Men deira erfaring og kompetanse har vore gull verd. Mange ungdomar, studentar og andre frivillige har stilt opp med arbeidskapasitet og godt humør. Vi ynskjer å takke alle for at de har vore så fleksible, positive og villige.

Nyttig erfaring

   - Ein av dei tinga eg sit igjen med er takksemd for at det finst så mange gode krefter i Osterøy som er villige til å bruke av si tid for å gjere kvardagen lettare for andre. Folk som står på og tek eit ansvar for lokalsamfunnet og dei utfordringane vi står ovan for. Eg vonar at vi kan ta med oss erfaringane frå pandemien over i nye utfordringar  som vi kjem til å møte. Nokre har allereie omstilt seg og er klar til ny forsterka innsats i samband med at vi skal busetje flyktningar frå Ukraina. Om dette er ei litt anna «krise» så er erfaringane får arbeidet i pandemien nyttig å ta med inn i dette arbeidet, rosar rådmann Hjelmtveit.

   - Så tusen takk til alle som har brukt tid og krefter i samband med pandemihandteringa. Vi løyste oppdraget saman, avsluttar ho.

Vil du ta vaksina seinare?

Om du vil ha vaksine etter 22. mars må du senda e-post til koronatemaet på korona@osteroy.kommune.no eller ringe hovudnummer 56192100.

I e-posten treng du berre oppgje namnet, telefonnummeret ditt og skriva at du ønskjer å ta koronavaksinen. Ein tilsett i koronateamet vil kontakta deg for å sette opp time. 


Sist oppdatert: 22.03.2022
Publisert: 22.03.2022