HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyInformasjon om vaksinering

Informasjon om vaksinering

Me får dei vaksinedosene me får. Me fylgjer FHI si prioriteringsliste strengt og det hjelper ikkje å ringe e.l. for å verte prioritert i køen. Denne veka vaksinerer me gruppa 18 – 44 år med underliggande sjukdom og me startar på gruppa 55 – 64 år.
Det er mange som spekulerer i at folk har blitt feilaktig prioritert framfor dei i køen. Me minner om at personar si helse er ei privatsak, og sjølv om folk kan sjå ut som og oppføre seg friske, betyr ikkje det at dei ikkje har underliggande sjukdomar.
Denne veka får me 468 dosar, 246 til førstegong og 222 til annangongsvaksinering.
Neste veke får me 330 dosar, 120 til førstegong og 210 til annangongsvaksinering.

Sist oppdatert: 31.05.2021
Publisert: 31.05.2021