Koronanytt 20.08.21


Både Moderna og Pfizer er sokalla mRNA-vaksinerer og er basert på den same teknologien. Dei er veldig like i korleis dei er bygd opp og fungerer. Dei er vurdert som heilt likeverdige og FHI tilrår å kombinera dei to vaksinene der det er praktisk for å gjennomføra vaksinasjonsprogrammet.

Ein slik kombinasjon er brukt i Bergen, nabokommunane våre og ei rekkja av andre land. Det er eit fullgodt alternativ å få ei dose av kvar av desse mRNA-vaksinene.

Det er forventa minst lika god beskyttelse av vaksinene gitt i kombinasjon, som når ein får to doser av same vaksinetype.

Nyare forsking viser at Moderna gjev noko betre beskyttelse mot Delta-varianten av viruset enn Pfizer. Delta-varianten er no den dominerande varianten av koronavirus i Noreg.

På bakgrunn av at me får tildelt så mange doser, vil det neste veke vere to dagar med vaksinering:

Onsdag 25.08.21 kl 1700 – 2000
Denne dagen vil det kun vere drop-in vaksinering. Her er alt du treng å gjera for å ta vaksina å møta opp i Osterøyhallen. Drop-in vaksinering er både for deg som ynskjer 1. dose og 2. dose av vaksina. Om det er 21 dagar eller meir sidan du tok 1. dose, kan du møte opp på drop-in og få 2. dose. Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon!

Torsdag 26.08.21
Her er det ordinær vaksinering og det vil verte sendt ut innkalling på sms som normalt. Det vil ikkje vere drop-in denne dagen.

Når du vaksinerast, får du to doser med eit visst tal veker mellomrom. Du vil enten få begge stikk med same type vaksine, eller ein av kvar type.

Det vil ikkje vere mogleg å sjølv velge kva type vaksine du får. Grunnen til dette er at det vil vera særs vanskeleg å løyse i praksis, vil auka risikoen for feil og kan føra til at verdifulle doser må kastast.

Sist oppdatert: 20.08.2021
Publisert: 20.08.2021