HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyKoronavaksinering aldersgruppa 12-15 år og 16-17 år

Koronavaksinering aldersgruppa 12-15 år og 16-17 år

12-15 år:
Det har gått ut tilbod om koronavaksine til born mellom 12 og 15 år, og store delar av dei som ønskjer har fått vaksina. Dei som er busett i Osterøy kommune, og som går på skule i ein annan kommune, kan få tilbod om vaksine torsdag i veke 40. Me ber dykk då ta kontakt med oss på tlf 56192400 snarast for å avtale tidspunkt.
Dei som ønskjer, men av ulike årsakar ikkje har fått vaksina, kan få tilbod om dette i veke 40. Me ber dykk då ta kontakt med oss på tlf 56192400.
16-17 år:
Mange har allereie fått sin 1. dose. Det vil bli sendt ut sms om vaksinasjonsstad og tidspunkt for 2. dose når dette er klart. Det skal gå 8-12 veker mellom 1. og 2. dose. For å få samla flest mogeleg til vaksinering, vil denne intervallen variere for den enkelte. Vaksinasjon av 2. dose vil difor tidlegast skje i veke 43.
Dersom det er nokon som har tatt 1.dose i ein annan kommune, men ønskjer 2.dose i Osterøy kommune, må de ringe 56192400 å registrere dykk. Husk å oppgje dato for kortid 1.dose vart satt.
Dersom det er nokon som ønskjer det, men ikkje har fått 1. dose, kan de ta kontakt med oss på tlf 56192400 snarast. De kan då få vaksine torsdag i veke 40.
Minnar om at alle under 16 år må ha samtykke frå begge føresette.

Sist oppdatert: 29.09.2021
Publisert: 29.09.2021