HeimOppdateringar - kva skjer i Osterøy"Kvir" du deg for å ta vaksina?

"Kvir" du deg for å ta vaksina?

Me vil gjerne at alle innbyggjarane i Osterøy kommune skal ta koronavaksina, men har forståing for at nokon av forskjellige grunnar vegrar seg.
 
Korleis kan me hjelpa?
 
  • Ring til Koronatelefonen på 56192277, (Måndag – fredag kl 08.30 – 13.00). Der kan du ta ein prat med hyggelege tilsette i Koronateamet. Du kan for eksempel stille spørsmål om vaksinen, korleis vaksineringa foregår osv. Du kan evt. senda e-post til korona@osteroy.kommune.no om du ikkje vil ringa.
  • Me har eige rom du kan sitte på når du får vaksina, og den tida du må vente etterpå. Avtal gjerne dette med Koronateamet før timen din eller henvend deg til ein av vaktane når du kjem til Osterøyhallen.

Sist oppdatert: 20.07.2021
Publisert: 20.07.2021