HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyNy strategi - karantene, testing, smittesporing

Ny strategi - karantene, testing, smittesporing

Dei viktigaste er:

Karanteneplikt

Frå og med måndag gjeld karanteneplikta kun for dei som bur i same hustand som ein som er smitta, er tilsvarande nære som t.d kjærast og er uvaksinerte/ikkje fullvaksinerte. 

Øvrige nærkontaktar treng ikkje lenger gå i karantene, men oppmodast til: 

  • Å teste seg så snart dei er informert at dei har vore i nærleiken av ein smitta person.
  • Begrensa sosial kontakt til ein har fått negativt testsvar.
  • Eigenobservasjon av symptom i 10 dagar etter eksponering.
  • Ha låg terskel for å testa seg på nytt om ein opplever symptom.

Testing ut av karantene

Ordningen med test for karantene for barn og unge under 18 år vert oppheva frå 27.09 sidean karanteneplikten for desse fell vekk.

Om du likevel ender opp i karantene som husstandsmedlem eller tilsvarande nære, kan du testa deg ut av denne så lenge du har mogelegheit til å halde avstand til hustandsmedlemmet som er smitta. Dette kan skje på to måtar:

Daglig sjølvtest med hurtigtest i sju dagar

PCR - test (på teststasjonen), annakvar dag i sju dagar.

Smittesporing

Nedjustert TISK innebær ein reduksjon av kommunen sine oppgåver innan smittesporing.

Eigenvarsling av nærkontaktar

Om du vert smitta av korona, er det frå måndag av ditt eige ansvar å varsle potensielle nærkontaktar og oppmode dei til å teste seg. Kommunen si smittesporing skal begrense seg til den smitta, nærkontakter som er husstandsmedlemmer og tilsvarande nære, samt å vegleie den smitta om dei er i stand til å gjere vidare smittesporing sjølv.  Koronateamet skal berre unntaksvis gjennomføre smittesporinga og behovet for dette vil verte vurdert i frå tilfelle til tilfelle.

Isolasjon

Den smitta skal framleis vere i isolasjon. Det er ingen endring i reglane på dette.

Les meir om nedjustert TISK på Helsedirektoratet sine nettsider: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus/testing-isolasjon-smittesporing-og-karantene/nedjustert-tisk

 


Sist oppdatert: 24.09.2021
Publisert: 24.09.2021