HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyNye nasjonale tiltak mot koronasmitte

Nye nasjonale tiltak mot koronasmitte

Dette er dei nye nasjonale reglane:
  • Viss du bur saman med ein som er smitta, må du halde deg heime i karantene til du har svar på ein negativ test. Dette gjeld vaksne, og uansett vaksinasjonsstatus. For barn er dette ikkje ei plikt, men ei tilråding.
  • Vert du smitta av covid-19, må du vere isolert i fem dagar. Dette gjeld uavhengig av vaksinasjonsstatus. I tillegg må ein ha vore feberfri i 24 timar før ein går ut av isolasjon.
Dette er dei nye nasjonale tilrådingane:
  • Bruk munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta.
  • Bruk munnbind på kollektivtransport, i taxi, i butikkar og på kjøpesenter der det ikkje er mogleg å halde avstand.
  • Jamleg testing av skuleelevar i område med aukande smittespreiing og høg belastning i helse- og omsorgstenesta vert vidareført.
  • Regjeringa ber om at kommunar med aukande smitte og høg belastning i helsetenesta vurderer auka bruk av heimekontor.
Les heile pressemeldinga frå regjeringa her:

Sist oppdatert: 01.12.2021
Publisert: 01.12.2021