HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyKan gå tom for hurtigtestar

Kan gå tom for hurtigtestar

Etter nye reglar, der husstandsmedlem og tilsvarande nære, skal kunne teste seg ut av karantene ved dagleg hurtigtest, så ser det no ut som at me kan gå tom for testar dei næraste dagane.

Me forventar ny levering av testar på fredag, men dette er noko usikkert. Me vil publisere i våre kanalar om me går tom, og når me har fått påfyll av testar. Alle må difor vere førebudd på at dei kanskje ikkje får hurtigtestar med seg heim når dei kjem for å hente.

Me minner om Helsedirektoratet si anbefalte prioriteringsliste for kven som bør teste seg:

  1. Test av personar med symptom
  2. Test av personar med kjent eksponering:
    1. test i staden for karantene av husstandsmedlem/tilsvarande nære
    2. test av øvrige nærkontaktar
  3. Annan screening etter smittevernfagleg vurdering
    1. test av personar som utfører kritiske samfunnsfunksjonar (som inkluderer helsepersonell)
    2. jamnleg testing

 


Sist oppdatert: 26.01.2022
Publisert: 26.01.2022