HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyRinger ikkje alle med positiv PCR-test

Ringer ikkje alle med positiv PCR-test

Veldig mange av dykk har allereie snakka med smittesporar når de ringte inn positiv sjølvtest, og de får ikkje ny telefon når PCR-test også er positiv. 

Alle får melding i Helsenorge ved positiv PCR-test. Les informasjon på Helsenorge og ta ansvar for eigen smittesporing.

Me jobbar med eit system der innbyggjarane som har digital kompetanse til det kan melde kommunen ved positiv hurtigtest/sjølvtest heime.

Fram til dette er på plass gjeld det som vanleg at de som har fått positiv hurtigtest ringer smittetelefonen 56192267 for smittesporing. Open måndag - fredag 09.00 - 15.30 og laurdag og sundag kl. 09.00 - 12.00.

Du finn god informasjon på helsenorge.no.


Sist oppdatert: 28.01.2022
Publisert: 28.01.2022