Siste vaksinedag 22.03

Om du vil ha vaksine etter 22. mars må du senda e-post til koronatemaet på korona@osteroy.kommune.no eller ringe hovudnummer 56192100.

I e-posten treng du berre oppgje namnet, telefonnummeret ditt og skriva at du ønskjer å ta koronavaksinen. Ein tilsett i koronateamet vil kontakta deg for å sette opp time. 

Vaksinering 22. mars

Ønskjer du å vaksinera deg 22. mars kan du bestilla deg time via desse lenkene:

Du kan og møte på drop-in på vaksinasjonsdagen.

Vaksineringa foregår i heradsstyresalen på rådhuset kl. 16.00 - 19.00. Inngong 2.etasje på oppsida av bygget.

4. dose

Me får nokre spørsmål om når ein kan ta 4. dose av vaksinen. 

Me følgjer anbefalingane frå FHI. Så langt er det personar med alvorleg svekka immunforsvar (immunsupprimerte) som følgjer eit eige vaksinasjonsløp som får tilbod om 4. dose. 

Om evt. når det endrar seg vil me informera om dette.

 


Sist oppdatert: 15.03.2022
Publisert: 15.03.2022