HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyStatsforvaltaren førebur regional forskrift i bergensområdet

Statsforvaltaren førebur regional forskrift i bergensområdet

Vi har ein tett og god dialog med FHI og Helsedirektoratet om saka. Eit av vurderingstemaa er kor mange kommunar forskrifta skal omfatte. Vi legg opp til eit møte i morgon føremiddag der kommunane og helseføretaka kan kome med innspel til utkastet.

Kommuneoverlegane og sjukehusa har gitt eit klart råd om å få raskt på plass tiltak som kan bidra til å redusere presset på tenestene. Vi vil gjere vårt for at saka skal kome raskt fram til regjeringa.

– Vi vil lytte til innspel, men det handlar om å finne ei forskrift som tener det store fellesskapet, seier fungerande statsforvaltar Gunnar O. Hæreid.


Sist oppdatert: 02.12.2021
Publisert: 02.12.2021