HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyStatus koronaarbeid i Osterøy

Status koronaarbeid i Osterøy

Det er no slutt på dei generelle råda om å teste seg ved symptom på sjukdom, å vere i karantene om ein har vore i kontakt med sjuke og å vere i isolasjon om ein er smitta. Rådene er no å halde seg heime ved sjukdom.

Har du symptom på sjukdom? https://www.helsenorge.no/koronavirus/sjekkliste-symptomer-korona/

Viser sjølvtesten positivt svar?

Hald deg heime til du kjenner deg frisk, du treng ikkje å vere i isolasjon i 4 dagar lenger. Du treng ikkje lenger varsle nærkontaktar eller registrere den positive sjølvtesten i kommunen sitt system. Dersom du treng helsehjelp eller lurer på om du treng ein test av medisinske årsakar så kan lege rekvirere test til deg etter ein medisinskfagleg vurdering.

Teststasjonen stenger

Teststasjon vil vere open frå kl 9-12 fredag 06.05 og tysdag 10.05 og så vil den stenge ned. Sjølvtestar kan ein framleis hente ut frå kommunen på Osterøy rådhus, Geitaryggen 8, mellom kl. 09 - 15 alle kvardagar.

Treng du koronatest grunna reiser til utlandet må du nytta deg av private aktørar.


Sist oppdatert: 03.05.2022
Publisert: 03.05.2022