Status vaksinering

I neste veke vert dei siste i aldersgruppe 55 – 64 år kalla inn, og me startar på gruppe 45 – 54 år. Me får til saman 372 vaksinedosar.

I veke 26 får me 444 vaksinedosar kor alt i hovudsak vil gå til førstegongsvaksinering. Me heldt då fram å vaksinere aldersgruppe 45 – 54 år.

Me reknar med å ha fullført vaksineringa av aldersgruppe 45 – 54 i veke 27 og kan då starta på aldersgruppe 18 – 24 år og 40 – 44 år. Desse to gruppene skal prioriterast samtidig.

Når de får SMS og bestiller time til vaksinasjon må de vera sikker på at de får ei stadfesting på SMS at timen er bestilt. Om de ikkje får ei stadfesting på SMS er ikkje timen bestilt på korrekt måte.

For detaljerte vaksinetal for Osterøy kommune, sjekk ut vår statusside: https://www.osteroy.kommune.no/innhald/korona/koronavaksine2/status-vaksinering/


Sist oppdatert: 18.06.2021
Publisert: 18.06.2021