Status veke 39

Førre veke har me fått to nye stadfesta koronasmitta i kommunen. Begge tilfella er handtert etter den nye nedjusterte TISK- strategien.
Det er framleis ein del uvaksinerte på Osterøy. Alle uvaksinerte som ynskjer å vaksinere seg, må no kontakta sitt fastlegekontor. Det er og ein del ostringar som ikkje har møtt for å ta dose 2 av vaksina. Det er veldig viktig at ein tar begge dosene av vaksina for å få best mogleg beskyttelse. Om du har tatt dose 1 og ikkje møtt til dose 2, må du kontakta ditt fastlegekontor.

Sist oppdatert: 05.10.2021
Publisert: 05.10.2021