HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyStrengare tiltak i kommunane rundt Bergen

Strengare tiltak i kommunane rundt Bergen

Dei nye tiltaka gjeld frå klokka 12 i dag, fredag 10. desember til klokka 12, fredag 24. desember 2021.

- Helseforetaka og det kommunale helsetilbodet er under eit stort press i regionen vår, difor er det naudsynt å innføre strengare tiltak enn dei nasjonale for å få ned smittespreiinga, seier ordførar Lars Fjeldstad.

Forskrifta er ei innstramming av dei nasjonale reglane på to punkt:

  1. Kommunane innfører påbod om munnbind der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand innandørs på offentlege stader og arrangement.
  2. Kommunane innfører 10 dagar karantene for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære til ein som har fått påvist koronavirus. Forskrifta gjeld når det er påvist koronavirus med hurtigtest eller PCR frå og med 10. desember 2021, og det ikkje er mistanke om omikronvarianten.

- Tiltaka er vurdert og utforma av kommuneoverlegane i regionen og er i tråd med deira faglege råd, seier ordføraren.

Karanteneplikta gjeld for alle som bur ilag, uavhengig av alder, vaksinestatus og gjennomgått koronavirus. Den gjeld også for dei som har hatt tilsvarande omfattande og fysisk nær kontakt som ein i husstanden, til dømes ein kjærast.

- Viruset kjenner ikkje kommunegrenser, og det er difor fornuftig at me som region går saman om tiltak. Det er stor mobilitet mellom kommunane i regionen og like tiltak vil gjere det enklare for innbyggjarar å forstå og etterfylgje dei nye reglane. Eg vil takka nabokommunane for godt samarbeid og god prosess, seier ordføraren.

Forskrifta opnar for unntak for kritisk helsepersonell og andre som har samfunnskritiske jobbar etter ei grundig individuell vurdering og avtale med arbeidsgjevar. Den som får unntak skal i så fall følgje eit testregime og bruke smittevernutstyr. 

- Forskrifta er gjeldande i 14 dagar frå i dag av, men eg vil ikkje utelukka at forskrifta vert forlenga. Dette vert fortløpande vurdert, avsluttar ordføraren.

Dette er den lokale forskriften


Sist oppdatert: 10.12.2021
Publisert: 10.12.2021