HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyVidare vaksinering i Osterøy kommune

Vidare vaksinering i Osterøy kommune

For deg som har time til dose 2

Om du allereie har fått tildelt time til dose 2 i september, oktober eller november vil du verta ringt opp frå koronatelefonen med vidare informasjon.

For deg som ikkje har fått time til dose 2

Om du har fått dose 1, men IKKJE fått tilbod om dose 2 så må du ta kontakt med koronatelefonen 56192277 (alle kvardagar mellom kl.09.00-12.00).

Vidare vaksinering vert lagt til fastlegekontora, men inntil vidare ver venleg å halda dialog med koronatelefonen og ikkje fastlegekontora. 


Sist oppdatert: 21.09.2021
Publisert: 21.09.2021