Ting å gjere

Attraksjoner

Osterøy museum, Gjerstad

Osterøy museum er eit friluftsmuseum med ulike utstillingar. Her kan du få omvisingar og forteljingar frå fortida på Strilelandet. 

  • Foredrag og demonstrasjonar om tekstile handverk. Nordhordland har ein ubroten tradisjon i bruk av oppstadvev og Osterøy museum vidarefører denne tradisjonenen. Tekstilhandverkaren vår kan også fortelje om ull som materiale og om plante- og lav-farging.
  • Kunstinstallasjonen SPRANG: en stedsspesifikk lys- og lydinstallasjon med utgangspunkt i overganger, eller sprangene; tonene i mellom og trådene i mellom, der lyd og lys knyttes sammen og skaper en gnistrende opplevelse i et gammelt rom for liv og arbeid. I prosjektet SPRANG ser vi tid gjennom kunst, og tradisjon gjennom modernitet.
  • Lokal mat
  • Ope heile året etter avtale

For nærmare avtale, ta kontakt med 

Solveig Jordal

Sjå heimesida til Osterøy museum

Havråtunet

Havrå er ein gard med ei historie som strekk seg tilbake til bronsealderen og er av dei best bevarte klyngetuna på Vestlandet.

Garden er eit unikt minne om korleis gardsdrift, byggjeskikk og arbeidsliv gjekk føre seg på dei mangbølte vestlandsgardane.

Trykk her for å komme til heimesida til Havråtunet. Her finn du opningstider og kontaktinformasjon. 

Mjøsvågen

I Mjøsvågen står gamle kulturminne på rekkje og rad rundt heile den lune vågen. I dei verna sjøhusa har det blandt anna vore kisteverkstader, smier, treskoverkstad, metallstøyperi, gjørtlarar, møbelfabrikk og på dampskipskaien ser du restar etter eit gamalt meieri. 

På ein guida tur i Mjøsvågen kan vi tilby: 

  • Formidling av industri og kulturhistoria knytt til verkstadmiljøet.
  • Få innsyn i produksjon av tresko på Hosanger Treskoverkstad
  • Kunstutstilling av anerkjente kunstnarar i Galleri Mjøsvågen
  • Galleributikk
  • Turen kan og kombinerast med mat og kaffi på Mjøsvågen Landhandleri. 

Open kafè og galleri kvar sundag frå klokka 14.00 til 18.00, mellom 22.juni til 18.august, eller etter avtale. 

For nærmare avtale, ta kontakt med 

Åse Nilssen

Følg oss på Facebook

@GALLERIMJOSVAGEN

@MJOSVAAGENKAFE 

WWW.MJOSVAGEN.NO

Hamre kyrkje

Ein av dei store attraksjonane på Osterøy og blant dei få tømmerkyrkjene som er att i Noreg. Kyrkja blei bygd kring 1620. Det har stått kyrkjer på
Hamre før og den første kyrkja trur ein blei sett opp i 1020. 

Trykk her for å lese meir om kyrkja og hennar historie. Du kan og tinga omvisning i kyrkja.

Ole bull huset

På Valestrand trødde Ole Bull sine barnesko kvar einaste sommar. Her gøymde han seg i jettegryter og «spelte vetet av» folk som for forbi. Her kom han i kontakt med dyktige feelspelarar som lærte han mykje av det eminente spelet han seinare reiste verda rundt og trollbatt publikum med. Og her bygda han ein villa (Bullahuset) til den første kona si, Felicite.

Bullahuset står flott midt i bygda, med utsikt mot sjøen og Eides kafe. Difor er det svært naturleg å foreslå omvisning i Bullahuset med lunsj på kafeen som ein attraktivt aktivitet for store og små.

Borge Classics Motormuseum 

Ola J. Borge fekk tidleg stor interesse for bilar og motorsyklar. Hans første kjøp var ein buss, utan golv og laus kanne med slange til bensin, han var då 16 år. Bil og motor interessa fortsette heile livet. På 50 / 60 talet kjøpte han opp bilar og motorsyklar som ikkje var gamle nok til å være interessante som veteranar, men som var for nye til å være praktiske bruktbilar.

Etter Olas død i 2012 blir samlinga forvalta av familien. I tillegg til bil og motorsykkelinteressa var Ola ein habil fotograf, og det er og ei samling av spesielle fotoapparat. Ein kamerat var svært interessert i musikkmaskiner. Dette synes Ola var interessant og det er og på staden ei fin samling med speledåsar, fonografar, gamle platespelarar og sjølvspelande piano.

Bilsamlinga består i dag av 17 kjøretøy frå og med 1903 og til og med 1986. Det var alltid viktig at bilane skulle ha ei historie, og være noko spesielt med. Av merker som er representert:

Caddilac – Darracq – Lincoln - Rolls Royce – Bentley – Mercedes - Jeep

Det er 2 bilar som har høyrt til det norske kongehuset, ein Lincoln 1931 som var Kong Haakons representasjonsbil så lenge han levde. Denne bilen var og med i filmen «Kongens Nei, 3 dagar i april». Kong Olavs første private bil som han kjørte sjølv er og i samlinga. Dette er ein Lincoln frå 1927.

Dei 10 motorsyklane har fylgjande merke representert:

Brough Superior – Vincent – BMW – Wanderer – FN – ACE - Harley Davidson – Triumph - Tempo

Samlinga står i 3 spesiallaga avfukta garasjar med felles gardsplass.
Mulig å leie for ein unik Osterøy-oppleving!

For nærmare avtale, ta kontakt med

Einar Mjelde

Bjarte Revheim

Johannes O. Borge

Kossdalsvegen

Ein veg av kulturhistorisk verdi frå vegbygginga på Vestlandet i 1880-åra. Kossdalssvingane vart bygd for hand i 1889 –1893. Dei 17 krappe svingane startar på 75 m.o.h. og stig til 175 m.o.h.
Ei stigning på 27% og ein av dei brattaste vegane
i Noreg. Attraktiv plass for turgåarar, treningsfolk og turistar. 

Vegen er ikkje open for motorisert ferdsel.

Aktiviteter

Bade- og friluftsområder

Osterøy turlag

Skiløyper

Osterøy Skytebane, Tyssebotnen

Rullebrettpark, Lonevåg 

Handel

Eides kafè og handleri, Valestrand

Vi serverer heimelaga mat og god kaffi, og har ein liten butikkavdeling med kjekke varer.
Kafeen er open torsdag, fredag og siste laurdag i månaden.
Open for gruppar kvar dag heile året etter avtale. 

Historien

Eides kafe og handleri er ein koseleg samlingsplass midt i Valestrand sentrum på Osterøy. Kafeen ligg i lokala til den aller første landhandelen på Valestrand: Eides landhandel.
Huset stod nybygd i 1902, og frå då og fram til 1965 var det ivrig handel ved diskane i landhandelen. Fram til rundt 1990 var det snackbar i landhandelen,- «Snækken» på folkemunne. Og resten av huset var brukt både som postkontor, bibliotek og arbeidsformidling.

Men nye tider og større krav til enkle løysingar gjorde at huset vart ståande tomt, og forfall meir og meir. Etter kvart vart det ein skamplett i bygda.
Heilt til to venepar kjøpte den slitne bygningen i 2013, og starta eit omfattande restaureringsarbeid. I april 2016 kunne dei for første gong invitera bygdafolket inn på Eides kafe og handleri.

For nærmare avtale, ta kontakt med

Tone Vatle

 

Lerøy Fossen AS, Valestrand

Havbruk og produksjon av laks og aure. Tradisjonelle oppskrifter og ekte handverk. Røykt aure frå Osterfjorden er noko av det Lerøy Fossen AS er mest kjend for. Sjølve røykeprosessen er basert på ein over 200 år gamal tradisjon som gjev eit særpreg på smaken. Ope måndag–fredag kl. 08.00–14.30.

Kontakt: 56 19 32 30 

leroyseafood.com

Mia gåver, Valestrand

Ein fin og liten butikk som sel interiør, livstilproduktar og gåveartiklar. Trykkjer opp diverse enkle produkt på bestilling og har filing
av nøkler. Har og lyd- og lysutleige.

Ope onsdag–fredag kl. 11.00–17.00, laurdag kl. 11.00–15.00.

EN: A welcoming,small local shop at Valestrand selling interior, lifestyle products and gift items. System and lighting rental. Key cutting service.

Open wednesday–friday 11.00-17.00 and saturday 11.00–15.00.

Kontakt: 959 60 612 • monica@pocoapoco.nofacebook.com/miagaaver/

Vis i kart 

Bunad og stakkestovo, Valestrand

Telfon: 56 19 18 00

www.bunadogstakkastovo.no

Vis i kart

Norlenderloftet på fabrikken, Hosanger

90 år med tekstilproduksjon

Det heile starta med den fyrste strikkemaskina som vart kjøpt inn i 1927 og plassert i kjellaren på heimegarden oppi «fjellet» av Ola Tveiten, tømrar og småbonde. Familien til Ola lærte seg så kunsten å produsera undertøy til dame, så til born og herre, og ekspanderte inn i fyrste fabrikklokalet, oppført på garden. I dag går bedrifta under namnet Norlender Knitwear, har for lengst flytta frå fjellgarden ned til fabrikklokale ved fjorden i Hosanger og produserer fine strikkeplagg og tilbehør til store og små.

LYST Å VITJA OSS? ME KAN TILBY:

  • Omvisning i bedrifta.
  • Gje dykk innsyn i korleis eit strikkeplagg blir til, frå garn til ferdig plagg.
  • Historia om bedrifta, anekdotar og korleis det heile går føre seg i dag.
  • Vitja fabrikkutsalget, Norlenderloftet.

KONTAKT OSS FOR MEIR INFORMASJON, ELLER AVTALE:

FØLG OSS PÅ FACEBOOK & INSTAGRAM

@NORLENDER / @NORLENDERLOFTET

WWW.NORLENDER.NO

Mjøsvegen landhandleri, Hosanger 

Den gode gamaldagse butikken

I Mjøsvågen, Hosanger finn du Landhandleriet som er tufta på gamle tradisjoner i bygda. I lokala på kaien var det tidligere metallstøperi, og i mini-museet, med inngang frå butikken, kan du få eit glimt av tidlegare drift. Landhandleriet har blitt samlingsplass både for bygdefolk og tilreisande.

Hjå oss finn du det meste:

  • Dagligvarer
  • Lokalprodusert mat som geitost, geitepylse, hjortepylse, honning o.l.
  • Gode produkt frå Hardanger som most, syltetøy og plommer.
  • Gåveartiklar.
  • Kafe i butikk med påsmurt, bakst og anna godt. Nyt gjerne maten ute på kaien i finvær.
  • På bestilling serverer vi lunch til grupper, og kan frå sumaren 2019 også tilby eigne møtelokaler.
  • Eiga gjestebrygge med tilgang til toalett, dusj og vaskemaskin.

KONTAKT OSS FOR MEIR INFORMASJON, ELLER AVTALE:

Mjøsvågen Landhandleri AS, Osterøyvegen 2142, 5282 Lonevåg

Kontaktperson:

Randi Nordås, butikkstyrar.

 

FØLG OSS PÅ FACEBOOK:

MJØSVÅGEN LANDHANDLERI AS

FØLG OSS PÅ INSTAGRAM:

@MJOSVAGENLANDHANDLERI

Hamre minibakeri, Hamre

Eit lite handverksbakeri i bygda Hamre som har bakedagar på laurdagar med ujamne mellomrom. Det er fleire variantar brød bakt i steinomn og bollebakst. Det er mogleg å tinga på førehand.

EN: A small mini bakery in the village Hamre. Bake days on Saturdays at irregular intervals. Stone-baked whole wheat bread and white bread and buns. Contact for preorder.

Den hemmelige pølsefabrikken

Lokal pølsefabrikk i Vardalen som ivaretar håndtverkstradisjonar ved bruk av kortreiste og økologiske råvarer av beste kvalitet. 

EN: The secret sausage factory, a local sausage factory in Vardalen, Valestrandsfossen. 

Solberg sagbruk, Svenheim

Lagar og sel benkar, bord, grindabygg, stavbygg, delar av – eller heile konstruksjonar, kledningpanel, golv, bjelkar, villmark, trelast i spesielle/grove dimensjonar, samt ved.

EN: A company that deliver timber product and services.

Osterøy handlesentrum, Lonevåg

I Lonevåg sentrum finn du daglegvarebutikkar, kafèar, blomsterbutikk, fotograf, frisør, apotek, interiør, mote- og sportsbutikk, vinmonopol, tannlege, bank, treningssenter med meir.

Vis i kart

For grupper

Kleiveland gard

Kleiveland Gard har mektig natur, ro og fine stader for rekreasjon på land og sjø. Me som driv Kleiveland Gard har restaurert den gamle låven fra 1890-talet. Den står i dag fram som eit godt eigna selskapslokale. Låven er utstyrt med peis, Wifi, musikkanlegg og anna teknisk utstyr. Her serverer me mat og drikke og fortel om liv og levemåte i gamle dagar, blant anna om laksefiske med gilje og sitjenot. Sesong: mai – september etter avtale. For interesserte kan lokal skyssbåt tingast for båttur til for eksempel laksegiljene på Askildneset, Tjuvabeget eller fjordtur rundt Paddøy. Området ved den nyrestaurerte dampskipskaien er no offentleg friluftsområde der små og store båtar kan leggje til.

KLEIVELAND GARD PASSAR GODT FOR:

  • Feiring av fødselsdagar
  • Turist- og pensjonisttreff
  • Samling for lag og organisasjonar
  • Låvedans og intimkonsertar
  • Seminar for verksemder
  • Båttur på fjorden etter avtale med lokal skyssbåt
  • Båttur med omvisning til laksegiljene på Askildneset
  • Fjelltur med guide

KONTAKT OSS FOR MEIR INFORMASJON, ELLER AVTALE:

Osterøyvegen 3842, 5284 Tyssebotnen - Vertskap: Ingfrid & Erling

FØLG OSS PÅ FACEBOOK

@KLEIVELANDGARD

WWW.KLEIVELANDGARD.NO

Askeland kunstnergard

Kurs og kompetansesenter på Askeland gard. 

facebook.com/askelandgard

www.askelandgard.no

Klyvikkje gard, Bruvik

Klyvvikje i Bruvik er ein typisk vestlandsgard som grensar mot sjøen i sør, med ei nydeleg badestrand heilt for seg sjølv. Garden har vore i slekta sidan 1730, og i dag bur åttande generasjon her. Eliane og Eivinn som eig garden i dag overtok i 2015 og har sidan fått fire born. Familien er ein aktiv gjeng som synest det er veldig kjekt å få besøk. I dag består garden av fleire historiske bygg som har vorte flytta til garden, og det er ein autentisk opplevelse å gå rundt på garden og kose med dyra.

Eit besøk i Klyvvikje kan bestå av: Velkomst ved sjøen, lapskaus i sjøbua, omvisning på garden kombinert med dyreklapping og historieforteljing. Etter ein kulturhistorisk vandring, kan ein delta på ulike aktivitetar som øksekast, frisbeegolf, kanopadling på fjorden eller berre slappe av på ein benk nede ved sjøen. Til slutt kan dei få servert kaffimat før turen går vidare.

I løpet av vinteren vil me laga til fleire severdigheter og opplevingar, og me skreddersyr opplegg etter kundens ønsker, så langt det er mogleg. Klyvvikkje er open heile året, etter avtale.

For nærmare avtale, ta kontakt med

Eivinn Revheim og Eliane Mo

Sjå Klyvvikje gard si facebookside her.

Osterøy Ysteri

Velkommen til Berit og Lars, til vår familie, garden og ysteriet på Bernes i Fotlandsvåg. Her driv me med bevaringsverdig sau og rasen gammalnorsk spælsau og norsk mjølkegeit. Me ynskjer mest mogleg å nytte dei ressursane garden kan gje heime og i fjellet.

Me kokar ekte geitost og lagar spekemat etter oppskrifter som har vore i bruk i familien i meir enn hundre år. Me har også andre kjøttvarer i sesong.

Her har me gardsutsal der me også sel skinn, garn, ull, ved og sesongsvarer frå eigen hage og frå naturen.

Me kan ta imot gjester for omvisning i ysteri, i fjøs på garden eller på et besøk på stølen i fjellet i Tyssebotn, der me er med dyra om sommaren. Eller de kan bli med oss på ein kjekk tur i kulturlandskapet ved fjorden eller i marka.

KONTAKT OSS FOR MEIR INFORMASJON, ELLER AVTALE:

Lars Tyssebotn og Berit Ophus 

FØLG OSS PÅ FACEBOOK

@BERIT.OPHUS

Brosjyre/Brochour Osterøy Reiselivslag 2019

Klikk her for å lese reisebrosjyra frå Osterøy Reiselivslag 2019. 


Sist oppdatert: 24.07.2019
Publisert: 22.02.2019