Bibliotek

Her finn du oss

Osterøy bibliotek finn i du 2.etasje i Lonevåg senter.

Lonevågen 3 

5282 Lonevåg.

Sjå kart.

Opningstider

Sjå heimesida vår for opningstidene våre. 

Gå til heimesida vår. 

Om oss

Hos oss kan du låna bøker, lydbøker, videoar, ymse magasin og teikneseriar. Du kan og lesa offentlege dokument og dagens aviser. 

Biblioteket satsar på litteraturformidling til barn og unge med faste arrangement i samarbeid med skulane på Osterøy. Biblioteket har også varierande utstillingar, lunsjarrangement og teater eller anna tilbod til dei minste.

Gå til heimesida vår. 

Språkkafè

Biblioteket har saman med Osterøy integrering- og læringssenter språkkafè jamleg gjennom skuleåret. 

Gå til facebooksida for meir informasjon.

Ungdomskroken

I ungdomskroken kan ein spela bordtennis, Nintendo Switch og brettspel, lesa bøker, teikneseriar, bruka WiFi, eller berre slappa av. Ungdommar som går på vidaregåande skule har tilbod om meirope bibliotek, og kan komma utanom biblioteket sine opningstider. 

Ungdomskoordinator

Ungdomskoordinator har kontor på biblioteket. Ungdommar kan komma innom etter skulen for å ta opp saker som gjeld det å vera ung på Osterøy, til dømes fritidstilbod, møtestader eller andre ting.

Følg med på Instagram: Ung Osterøy

Kontakt oss

Bibliotekleiar Henrik Carlsen

Ungdoms- og kulturkonsulent Silje Solberg

Ungdoms- og idrettskonsulent Ingri Thomassen


Sist oppdatert: 15.02.2024
Publisert: 08.11.2018