Tilskotsordningar

IdrettsBKK - sosial energi

Vi ynskje å støtta tiltak som skapar energi i BKKs eigar- og vertskommunar. Det skal vere tiltak som bring folk saman, anten i deltaking eller som publikum. Folk saman skapar energi - Sosial Energi.

Les meir og søk her. 

Frifond

Frifond gjer pengar til barn og unge som som vil lage musikkvideo til bandet, byggje ein skaterampe, arrangere et cosplay-treff, eller noko anna kult der dykk bor.

Les meir og søk her.

Gjensidigestiftelsen

Gåveverksamheita spenner vidt, frå lokale dugnadsprosjekt til større landsomfattande prosjekt som går over flere år. Gjensidigestiftelsen sitt mål er at Noreg skal bli eit tryggare samfunn og at fleire får mogelegheit til å leve friske og aktive liv.

Les meir og søk her. 

Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitane for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arena, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståsted eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge eller ingen kostnader for målgruppa.

Målgruppa i tilskotsordninga er barn og ungdom som er berørt av fattigdomsproblem. Saman med dei berørte inngår deiras familiar i målgruppa når tiltaket rettar seg mot kultur, fritids- og ferieaktiviteter. Søknadsfrist hos Bufdir var 10.12.18.

De kan søkje om tilskot til tiltak som:

  • bidreg til at barn og ungdom råka av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar.
  • bidreg til at barn og ungdom råka av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i ferieaktivitetar.
  • bidreg til deltaking for barn og ungdom råka av fattigdomsproblem på alternative mestringsarena.

Trykk her for å gå til Bufdir si søknadsportal 

Trykk her for å lese meir på Bufdir sine sider

Lurar du på noko om tilskotet eller treng hjelp med søknaden ta kontakt med

Grete Birkelid

Tilskot til lågterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Kommunar og frivillige organisasjonar kan søkje på denne felles tilskotsordninga for tiltak innan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv for barn og unge.

Les meir om tilskotsordninga her.

Tilskot, løyve og konsesjonar frå Hordaland fylkeskommune

Tematisk oversikt over ulike tilskot. løyver og konsesjonar. Idrett, friluftsliv, kultur, næringsutvikling, mm.

Les meir om dei ulike ordningane på Hordaland fylkeskommune sine sider.

Søk om handball- og fotballdrakter hjå Sparebanken Vest

Sparebanken Vest delar ut tusenvis av handball- og fotballdrakter til barnelag på Vestlandet. Alle som har søkt og som oppfyller kriteriane får drakter.

Les meir på Sparebanken Vest si side. 

Miljødirektoratet sine tilskot til naturforvaltning, friluftsliv, forureining, kulturminner, klima m.m.

Miljødirektoratet sine tilskotsordningar.

Tilskot til lokale kulturarena

Tilskota skal bidra til egna lokale, bygningar og utearena som gjer rom for ulik kulturell virksomheit. Tilskot kan løyvast til kulturhus, fleirbrukslokalar eller spesiallokalar for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokalar, konsertsal eller formidlingslokalar for biletkunst. Midlane kan benyttas til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Kommunen sin frist for å sende søknad for 2019 er 22 april.

Les meir på anleggsregisteret.no

Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Midlane kan nyttast til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og tilrettelegging for friluftsliv. Det kan ikkje søkast om tilskot til drift og løpande vedlikehald. 

Slik søkjer du

Kommunen må opprette anleggsnummer og kontrollere om anlegget er ein del av ein kommunal plan før ein kan søkje spelmidlar. Ta kontakt med kommunen dersom du går med tankar om å søkje spelemidlar. 

Kven kan søkje?

Krav til søkjar og søknad finn du meir informasjon om i Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2018 

Kor mykje kan du søkje om?

Som hovudregel kan du søke om inntil 1/3 av total kostnadsramme for ordinære anlegg og inntil 50 % av total kostnadsramme for nærmiljøanlegg og friluftsliv.

Krav til søknad

Søknad skal sendast via www.anleggsregisteret.no. Informasjon som skal fyllast ut:

  1. Prosjektinformasjon - tiltak og funksjon
  2. Kontakt og rekneskapsinformasjon
  3. Kostnadar - kostnadsoverslag
  4. Søknadsbeløp og finansiering
  5. Vedlegg
  • Dokumentasjon på eventuell dugnad (denne skal dokumenterast med innhenta tilbod frå leverandør/entreprenør, eller vere bekrefta frå kvalifisert fagperson).
  • Dokumentasjon på øvrige delar av finansieringsplanen (gåvebrev, eigenkapital, lånetilsegn, garanti, aksjekapital)
  • Dokumentasjon på kostnader
  • Plan for drift av anlegget
  • Dokumentasjon på eigedomsforhold/ rett til bruk av grunn.

Anlegget skal vere ein del av handlingsprogrammet for Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. 

 

Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning frå kommunen

Dette kravet fell bort f.o.m. 15. juni 2019. 

Departementet understreker at det er søkjar sjølv, som i dag, som har ansvar for å sikre at planane er tilfredsstillande for den aktiviteten som er planlagt i anlegget. Dersom anlegg blir bygt med vesentlege manglar knytt til idrettsfunksjonalitet, vil dette føre til avslag på søknad og/eller inndraging av innvilga midlar. Søkjar kan ikkje lenger basere seg på at kommunane eller departementet førehandsgodkjenner planar. Fylkeskommunen vil gjennom sluttbehandlinga si avgjere om søknaden oppfyller vilkåra eller ei (brev frå Kulturdepartementet 14. juni 2019) .

Viktige fristar

  • Frist for innspel til handlingsprogram for kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet: 1. mai
  • Frist for innsending av søknad til kommunen via www.anleggsregisteret.no: 15. november
  • Frist for kommunane å sende inn søknad til fylkeskommunen: 15. januar
  • Frist for søknad om momskompensasjon for idrettsanlegg: 15. mars
  • Frist for søknad om generell momskompensasjon for frivillige lag: 1. september  

Kontakt 

Har du spørsmål om kommunen sine saksbehandling og tilskotsordningane, ta kontakt med:

Grete Birkelid

SMIL-tilskot

Du kan søkje kommunen om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift.   

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut skjema frå Landsbruksdirektoratet. 

Søknadsskjema og nærare informasjon finn du her

Søknad sendast til

Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Søknadsskjema kan også sendast på e-post til post@osteroy.kommune.no

Kven kan søkje?

Føretak eller privatpersonar som driv eller eig ein landbrukseigedom.

Krav til søkjar

Vi kan gi tilskott til gjennomføring av tiltak som tar vare på natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet.

Vi kan òg gi tilskott til gjennomføring av tiltak som bidrar til å redusere forureining eller, bidrar til mindre risiko for forureining frå jordbruket.

Kva skjer vidare?

Kommunen avgjer søknaden om tilskott og prioriterer søknader som ligg innanfor tiltaksstrategien til kommunen.

Har du fått innvilga tilskott, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskott på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført.

Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg tilbakemelding frå oss om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Kontakt

Ta kontakt med Landbrukskontoret for meir informasjon

Lars Johan Fjelde 

Klage

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til landbruksavdelinga. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer å endre i vedtaket, og grunngi det. Du kan be om rettleiing frå kommunen. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal vi vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, sender vi saka til Fylkesmannen.

Kva seier lova?

Forskrift om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket 

Tilskot til verneverdige kulturminne (Hordaland fylkeskommune)

Hordaland fylkeskommune deler ut midlar til verna kulturminne. Søknad skal sendast til Osterøy kommune innan 1. desember. Les meir på Hordaland fylkeskommune sine nettsider.  

Uni-stiftelsen

Uni-stiftelsen gjev støtte til mellom anna vernenverdige bygningar. For meir informasjon, sjå Uni-stiftelsen si nettside.  

"Ta et tak" 

«Ta et tak» er ein aksjon som rettar seg mot våningshus og driftsbygningar. 

Les meir på Norsk kulturarv sine nettsider

Råd og rettleiing

Osterøy kommune tilbyr rettleiing for frivillige lag, velforeiningar og liknande når det gjeld planlegging og bygging av idrettsanlegg og nærmiljøanlegg. Dette omfattar også hjelp til å søkje om spelemidlar.

Vi kan hjelpe med å leite fram til aktuelle tilskott og rettleie i søknadsutforming.

For nærare informasjon, ta kontakt med 

Grete Birkelid

Kulturverntenesta i Nordhordland

Kulturverntenesta i Nordhordland gir råd og rettleiing om korleis du kan ta vare på kulturminna vi har kring oss og korleis vi kan formidle kunnskapen om desse vidare til andre. Ta kontakt med Kulturverntenesta i Nordhordland for hjelp til søknadsprosessen. Denne tenesta er gratis. Dei bidrar med hjelp til å utarbeida restaureringsplanar, kostnadsoverslag og til skriving av søknader. 

Ta kontakt med Kulturverntenesta i Nordhordland v/Arild Sætre

  


Sist oppdatert: 18.06.2019
Publisert: 08.11.2018