Kulturskulen

Kontakt oss

Rektor: Frank Windt

Lærarar på kulturskulen

Bandinstrument og media

Steinar Vatle

Piano og song

Anne Lise Fjelland

Hanne Vatnøy

Fiolin og piano

Linda Rea Herland

Toradar 

Kristoffer Kleiveland

Slagverk, messingblås og korps

Torstein Åvar Sollien

Hardingfele

Maria Toppe

Håkon Høgemo (permisjon)

Brass

Birthe Carlsen

Dans - Ballett, moderne, jazz

Camilla Romslo

Dans - Breakdance

Rasmus Solberg

Visuell kunst

Cathrine Bysheim

Teater

Sebastian Haugland

Besøks- og postadresse 

Besøksadresse:

Osterøy kulturskule

Rambergsvegen 219,221

5282 Lonevåg

Sjå kart. 

Postadresse:

Osterøy kulturskule

Geitaryggen 8
5282 Lonevåg 

Besøk på Facebook

 

Er du ikkje medlem, kan du sjå innlegg frå kulturskulen her.  

Våre tilbod

Media - Film, foto og grafisk design

Dersom du har interesse for film, foto eller grafisk design kan det vera lurt å melda seg på vår mediagruppe. 

I vår mediagruppe får du arbeida med programvare frå Adobe Creative suite, der vi bruker Photoshop, Illustrator, InDesign og Premiere Pro. Fotografering og bildebehandling er eit eventyr i Photoshop, og berre fantasien set grenser for kva som kan lagast der.

Mediagruppa får også arbeida med design av plakatar til kulturskulen sine konsertar og arrangement.

Mediagruppa vil og kunne vli engasjert i samarbeidsprosjekt med kunst og teaterfag.

Stad:
Mediagruppa held til i kulturskulen sine lokaler på Hatland, der vi har lyd- og bildestudio elevane kan boltra seg i.

Tid:
Mediagruppa har undervisning på ettermiddagstid. Undervisningstida kan variera i forhold til storleiken på gruppa. 

Dans

Vi kan tilby ein variert dansemeny for deg som ikkje har ro i kroppen. Vår allsidige og dyktige dansepedagog Camilla Romslo tilbyr dansekurs i jazzdansog ballett. Rasmus Solberg er "breaker" og set sitt preg på hip hopgruppene.

Dansestudio ligg i vårt bygg på Hatland og var nytt hausten 2016. Dette lokalet vert nytta til ballett, jazz og moderne dans. Hip hop held til i den store speilsalen på Lonevåg skule.

Breakdance
Vi har hatt hip hop som tilbod så lenge me har hatt dans som fag. Hip hop er ein urban dansestil i stadig utvikling. Stilen har sitt utspring fra Hip hop- kulturen som blomstra på 70-talet i New York, kor det var vanleg å dansa ute i gatene. Det fins mange stilartar innanfor hip hop. Det er Rasmus Solberg som har dette faget, og han er spesialist på breakdance.

Stikkord: koordinasjon, tyngde ned mot golvet, rytmekjensle, dynamikk, formidling, meistring og ikke minst danseglede.

Jazz
Jazz er ein dansestil som bygger på grunnteknikk frå klassisk ballett. I motsetning til ballett beveger ein seg ofte raskare i Jazz og har et lågt tyngdepunkt. Ein dansar oftast til popmusikk og låtar frå kjende musikalar. Eit kjenneteikn på Jazz er fokus på dynamikk, det vil seie å ta i bruk alt frå rolege til eksplosive bevegelsar i dansen.

Ein jazzklasse består av oppvarming av heile kroppen med fokus på grunnteknikk, styrke og bevegelegheit. Etter oppvarming går ein ofte diagonalt over rommet og gjer ulike steg og bevegelser. På slutten lærer du en koreografi.
Vi legg vekt på å utvikle ei god kroppshaldning, lære grunnteknikk gjennom ulike øvelsar, koordinasjon, styrke og fleksibilitet, rytmeforståelse, meistringsfølelse og ikke minst danseglede.

Klassisk ballett
Klassisk ballett er ein dansestil som dei fleste kjenner til. Typisk for klassisk ballett er god disiplin og nøyaktigheit. Det vert lagt vekt på god kroppshaldning med rett rygg, strake kne og høge bein. Andre stikkord er: piruettar, bein og armposisjonar etter fast mønster, flytande og grasiøse bevegelsar og eksplosive hopp og sprang.

Ein ballettklasse inneheld til vanleg eit fastsett mønster av fleire korte øvingar, der du gradvis varmar opp og styrker kroppen slik at du mot slutten av timen vert i stand til å gjera piruetter, hopp og koreografi.
Gjennom ballettundervisninga vil du:

  • læra deg grunnteknikk og namn og uttrykk på posisjonar
  • læra korleis du beveger deg til klassisk musikk
  • læra korleis du får ei god kroppshaldning
  • utvikle styrke og fleksibilitet.


Moderne dans
Våre vidarekommade elevar har etterspurt moderne dans. Det er ein friare form for dans som vil vere eit tilbod til dei som er speilet motiverte og som likar å improvisera. Dersom det vert oppslutning om dette vil me prøva å starta opp eit slikt tilbod. Ta kontakt om du lurar på noko. 

Utstyr
Det er viktig å ha bevegelege klede for å kunne bevege seg maksimalt. Gjerne romslege joggebukser, overdeler og joggesko for å unngå å skli, samt belastning på ben.
For ballettelevar kan det vera greitt med kvit strømpebuske, ballettdrakt og ballettsko.

Kven passar det for
Vi har tilbod til alle aldersklassar frå 1.klasse t..o.m vidaregåande. Dansepedagogen vil leggja opp klassen i forhold til dine føresetnader slik at du opplever meistring, får god arbeidshaldning og danseglede. På tilbod med stor påmelding, vert det fleire grupper delt inn etter nivå og alder.

Opptreden og samarbeid
Dansegruppene deltar på ulike oppsetningar som bl.a Vårspel, skulekonsertar og andre oppdrag. Dette skuleåret er mange av dansarane på mellomtrinnet med på Teaterkoret sin musikaloppsetning Alice i Draumeland

Tid og stad
Timane varer i 60 min. (tida kan variera litt etter tal på elevar i gruppa). Ein må rekne med helgeøvingar i samband med større prosjekt. Då vert undervisningsåret korta inn tilsvarande.
Undervisninga til hausten går føre seg i kulturskulens dansestudio på Hatland og i "speilsalen" på Lonevåg skule etter skuletid.

Teater

I teaterfag kan du velja mellom TEATERLEIK for dei minste, TEATERKOR for 4-7 klasse og DRAMA for dei som ønsker å utvikla seg sjølv som skodespelar. 

Teaterleik

Dette er eit tilbod til 1-3 klasse. Her vil ein arbeida med improvisajon og små rollespel. Innimellom vil ein framføra små stykke i ein uformell ramme.

Tid og stad

På ettermiddagstid i kulturskulen sine lokale.

Teaterkor

Namnet inneber at du får bli med på ei musikaloppsetning i løpet av året. Teaterkoret samarbeider tett med faga dans og visuell kunst.

Vi har hatt dette tilbodet sidan skuleåret 2012/13 og sett opp ein musikal kvart år.  På dette faget får ein verkeleg sceneerfaring.

Samarbeid
Teaterkoret er ikkje åleine om oppsetningane. Elevar frå media, visuell kunst og dans vert og på ein eller annan måte involvert i prosjektet. Dei føresette er òg ein viktig ressurs når det gjeld å skaffa kostyme og rekvisittar, og ikkje minst for å skapa ei sosial ramme rundt øvingshelg og framføringar.

Andre aktivitetar
Teaterkoret vil òg få oppdrag i samband med andre arrangement i kulturskulen. Mellom anna har dei vore programleiaiar på Vårspel (kulturskulen sin hovudkonsert)

Tid og stad
Teaterkoret har sine øvingar i kulturskulen sine lokale. 
I samband med innspurt til musikalen, vil det kunne bli endringar på planen. Du må rekna med minst ei øvingshelg. Intensive periodar vert kompensert med avspassering på slutten av året.

Drama

Dette er eit nytt tilbod som er meint for eldre elevar som kanskje er aktive i eit teaterlag og har lyst til å fordjupa seg i skodespelarfaget. Tilbodet kan gis individuelt eller i små grupper.

Tid og stad

På kulturskulen ettermiddag eller kveld etter avtale.

Visuell kunst

Lyst til å utforske det kreative og kunstneriske?

I visuell kunst er skaparglede og utforskartrong nøkkelord.

Vi arbeider både to og tredimensjonalt. Det du kan sjå på, og det du kan kjenne på.

I faget visuell kunst får du utforska forskjellige utrykksformer i teikning, maling, leire, tekstil, skulptur/installasjon inne og ute.

Vår lærar i Visuell kunst, Cathrine Bysheim har mange idear og legg vekt på at du gjennom å arbeida med ulike materiale, oppdagar ting undervegs og undrar deg over ulike former og uttrykk. Gleda ved å skapa er vel så viktig som resultatet.

Tid og stad

Hausten 2019 håpar me på å utvida både tilbodet og rommet. Elevane får større plass å boltra seg på, noko me ser fram til. I tillegg satser me på to grupper. Undervisninga vil gå føre seg i underetasjen til kulturskulen på Hatland tirsdager og torsdager kl 15.15-16.30. Tida kan verta justert..

Undervisningsøkta er på 75 min.

Kva gjer vi?

Vi jobbar med stor variasjon av materialer. Blyantar, kull og kritt i skissebøker og på ark i diverse storleikar. I tillegg målar me med akryl og akvarell. Me lærer å kjenna fargane, eigenskapene deira og jobbar mykje med å blenda dei.

Å skapa med hendene gjennom materialar som leire, gips, betong, lær og andre tekstiler er og ein del av faget vårt. Elevane sine eigne ønskjer vil og vera med å bestemma materialval og arbeidsmåtar.

Gjennom året arbeider me både med individuelle, felles og prosjekt -oppgåver. Eit eksempel på prosjektoppgave er den årlege musikalen. Her arbeider visuell kunst med kostyme, scenografi og sminke. Dette arbeidet gir ein brei erfaring og er ‘på tvers av fag’ ….ein jobbar i lag med andre kunstformer.

I det individuelle arbeidet er det rom for eleven til å kunne fordjupa seg i eige arbeid.

Med utgangspunkt i tradisjonelle handverk, utforskar me nye mulegheitar.

Kunsthistorie vert fletta inn undervegs der det er naturleg.

Utstillingar og prosjekt

Vi vil kvart år gå på minst eit kunstnarbesøk, ei kunstutstilling og delta på minst eitt fellesarrangement med dei andre elevane i Osterøy kulturskule.

Song 

Stemma har du alltid med deg, og noko av det kjekkaste du kan bruka ho til er å forme ord og tonar. I kulturskulen kan du få vidareutvikla songtalentet ditt med vegledning frå erfarne lærarar. Du får læra om pusteteknikk, klang, uttale, musikkteori og ikkje minst formidling.

Formidling

Songaren står gjerne i første rekkje og er den som skal bera fram bodskapen i musikken. Derfor er det viktig å få øvd deg til å opptre framfor eit publikum. Kulturskulen har fleire arenaer der du kan få slik erfaring. I tillegg til våre eigne konsertar, får me ofte spørsmål om å stilla med songarar til ulike arrangement i og utanfor Ostrerøy.

Kor og vokalensemble

Me legg og opp til at du skal få erfaring med fleirstemt song. Det kan vera vokalgrupper av ulik storleik eller korprosjekt i samband med større arrangement. Når du syng i lag med andre, får du øvd opp gehøret og vert betre til å syngja reint. Alle elevar i ungdomsskulealder og oppover får tilbod om å vera med i kulturskulen sitt ungdomskor i samband med vår årlege hovudkonsert - "Vårspel"

Når kan eg byrja?

Tilbodet er for born frå første klasse, men me har erfaring for at eleven med fordel kan vera litt eldre for å få godt utbyte av individuell songundervisning. 3. eller 4. klasse kan vera eit greitt utgangspunkt. Det er ein stor fordel å ha spelt eit instrument først slik at du kjem litt inn i noteverda . Piano er då eit godt utgangspunkt. For 1. og 2. klassingar tilbyr me og Smartstart, som er eit allsidig gruppebasert begynnertilbod. Frå 3. klasse kan du melda deg inn i teaterkoret dersom du og har ein liten skodespelar i magen. Les om desse tilboda under eigne faner.

Tid og stad

Songsundervisning vert gitt ved nærskulen i eller etter skuletid. For elevar på Osterøy ungdomskule, Lonevåg skule eller vidaregåande skule, går undervisninga føre seg i kulturskulen sine lokale.

Gitar

Gitaren er eit instrument svært mange har eit forhold til, og fleire vil læra seg å spela. Instrumentet er forholdsvis lett å frakta med seg, og kan brukast i svært mange samanhengar. Har du lært deg nokre gitargrep kan du fort verta midtpunktet i gjengen dersom det byr seg ein anledning til litt allsong, enten det er rundt leirbålet på ein telttur eller du har konsert for medelevar på skulen.

Mange typar gitar

Det finst mange forskjellige typar gitar: klassisk gitar, akustusk gitar med stålstrengar eller nylonstrengar, halvakustisk gitar og elektrisk gitar. Felles for dei aller fleste er at gitaren har seks strengar, sjølv om det finst både sju- og tolvstrengarar. Det er også forskjellige storleikar å få tak i.
For dei minste gitaristane er det ofte best å spela på ein juniorgitar, som er noko mindre enn ein vanleg gitar. I starten kan det også vera lurt å ha ein gitar med nylonstrengar, for å unngå såre fingertuppar.

Når kan du byrja å spela gitar? 

Du kan sjølvsagt byrja når du vil, men det passar best frå 3. klasse og oppover. Gitaren krev litt styrke i fingrane, og det kan ofte vera vanskeleg for dei aller minste.

Tid og stad

På nærskulen, i eller etter skuletid. For elevar på Lonevåg skule og Osterøy ungdomsskule: Kulturskulen sine lokale i eller etter skuletid.

Piano

Piano er eit populært instrument i kulturskulen. Instrumentet nyttast i mange samanhenger, som soloinstrument eller i som ein del av eit større ensemble. Pianistar er populære. Det er alltid trong for tonefølgje til bryllup, konfirmasjonar eller juletrefestar. I kulturskulen kan du få systematisk og kyndig opplæring på instrumentet. Våre lærarar har erfaring frå mange stilartar frå klassisk til meir "fri" spelestil basert på besifring (akkordar) Me legg uansett vekt på at du får grunnleggande opplæring både når det gjeld teknikk og notekunnskap.

Mange fordelar
Sett bort frå at eit piano er tungt å bera på, er det mange gode grunnar til å velja piano som instrument i kulturskulen.

  • Du får lett god lyd
  • Du lærer deg lett å forstå notar og akkordar
  • Du kan spela komp til songar
  • Du kan vera ditt eige orkester med melodi, bass og akkordar
  • Egner seg godt for nybyrjaropplæring i musikk, uavhengig av kva du seinare vil velja

Piano med eller utan straum
Piano er eit kostbart instrument. Mange vel derfor å skaffa seg digitalt piano. Dei er rimelege og held etterkvart god kvalitet dersom ein styrer unna dei aller rimelegaste alternativa. Satsar du på å utvikla deg til klassisk pianist vil du før eller seinare ha størst utbyte av eit akkustisk piano.

Mange har keyboard heime. Eit keyboard har fleire lydar og fleire automatiske innretningar som autokomp. (Lagar komp i ulike stilartar medan du sjølv speler melodien) Eit keyboard har noko lettare anslag og færre tangentar. Som nybyrjar får du same grunnopplæring uavhengig av kva for instrument du har heime, men våre lærarar vil og hjelpa deg til å utforska instrumentet ditt, slik at du får størst mulig glede av det. 

Tid og stad
På nærskulen i eller etter skuletid. For elevar på Lonevåg skule og Osterøy ungdomsskule: Kulturskulen sine lokale i eller etter skuletid.

Bassgitar

Bassgitaristen har ein heilt sentral plass i bandet. Det er når bassen kjem inn, det byrjar å låte skikkeleg bra. Bassen skaper bunn i klangbildet og du driv rytmen framover. Alle dei andre i bandet er avhengig av at bassisten gjer jobben.

Gitar og bassgitar
Det er store likskapar mellom gitar og bassgitar. Ein bassgitar er eigentleg ein stor gitar, men ein brukar dei 4 grovaste strengane. For ein gitarist kan det vera nyttig å spela litt bass i blant fordi det hjelper til med å få eit godt oversyn over kor notane ligg på gripebrettet.


Når kan du byrja å spela elbass?
På grunn av storleiken passar ikkje elbassen for dei minste, ein må ha litt styrke i fingrane for å få god lyd.
5. klasse kan vera eit greitt utgangspunkt.


Må du ha bassgitar sjølv?
Det er gjerne meir vanleg å ha tilgang til ein gitar i heimen, enn ein bassgitar. I starten let det seg fint gjera å øva inn stykkene på ein vanleg gitar. Men når du finn ut at dette er noko du vil satse på, bør du skaffa deg ein elbass slik at du får øvd opp styrken i fingrane og blir van med avstandane på gripebrettet.


Du vert ettertrakta
Bassgitaren er ikkje eit utprega soloinstrument. Difor legg me i kulturskulen opp til at du i periodar får prøva deg i ulike samspelsituasjonar. Når nokon skal spela i lag, er dei alltid på utkikk etter ein bassist.

Slagverk

Slagverkaren tilfører musikken energi og driv. Har du mykje rytme i kroppen, kan dette vera noko for deg.

Armar og bein
Som ny på trommestolen vil du fort merka at armar og bein ikkje alltid vil lystre kommandoen frå hjernen. Med vårt undervisningsopplegg får du systematisk øvd opp kontrollen av armar og bein slik at røslene dine etter kvart vert omgjort til fengande rytmar.

Musikalske byggjesteinar
Trommeundervisninga egner seg godt til å gje eleven grunnleggjande forståing av ord og uttrykk i musikken. Du lærer om taktartar, noteverdiar og periodar. Ved a læra deg slagverkkunsten, har du og eit godt grunnlag for å gi deg i kast med andre instrument seinare.

Melodisk slagverk
Vibrafon, klokkelspel, xylofon og marimba vert og rekna som slagverkinstrumnet. Torstein Sollien har dette som spesialområdet og kan tilby god undervisning på desse instrumenta i tillegg til det tradisjonelle trommesettet.

Du vert ettertrakta
Slagverket er ikkje eit utprega soloinstrument. Difor legg me i kulturskulen opp til at du i periodar får prøva deg i ulike samspelsituasjonar.
Når nokon skal laga band, er dei alltid på utkikk etter ein trommis.

Fiolin

"Ein må tidleg krøkast som god krok skal bli...."

Det er ikkje gjort på ein to tre å bli ein god fiolinist. Difor tilbyr vi fiolinopplæring frå 1. klasse og i nokre tilfelle for enda yngre elevar. Med så små elevar er det ein førestnad  at dei føresette føl opp sine håpefulle. Vår fiolinlærar Linda Rea Herland har speialkompetanse i  Suzukimetoden. Grunntanken i metoden er at barn må stimulerast tidleg for å utvikle sine eigne talent. Suzukimetoden inneber og at dei føresette engasjerer seg i undervisninga og er med å følgjer opp barnet sitt. Du kan lesa meir om Suzukimetoden på http://www.norsuzuki.no/suzukimetoden/

Dersom påmeldinga vert stor nok blant dei yngste, tek vi sikte på å laga til eit rimelegare gruppetilbod: SMÅSTRYK 


TId og stad
Fiolinundervisninga går føre seg i kulturskulen sine lokaler etter skuletid.
Me har og eit tilbod på Haus skule.
I år har undervisningsdagen vore tysdagar. Dette vert mest sansynleg også undervisningsdagen kommande sesong. 

Hardingfele

På Osterøy er det eit rikt folkemusikkmiljø gjennom verksemda til Osterøy spel-og dansarlag. Osterøy kulturskule har i mange år gitt tilbod om undervisning i hardingfelespel. Mange av utøvarane er no blitt dugandes spelemenn og er klare til å læra opp nye generasjoner med spelemenn. Har du lyst å trylla fram ein frisk halling eller ein slått det er fint å lytta til? Du er velkommen i kulturskulen. 

Småstryk

For dei minste elevane (førskulealder, 1.2. klasse) vurderer me å starta opp ein begynnergruppe "Småstryk" som er felles for elevar på fiolin og hardingfele.

Osterøy spel -og dansarlag

Som hardingfelespelar vi det vera lurt å melda deg inn å Oserøy spel- og dansarlag. Då vert du kjent med andre i folkemusikkmiljøet og får vera med på kjekke aktivtetar i laget. Les meir på facebooksida til OSterøy spel- og dansarlag.

Tid og stad

Undervisninga vil gå føre seg på ettermiddagstid. Tid og stad vil elles bli avtalt mellom elev/lærar.

Toradar

Krsitoffer Kleiveland står klar til å ta imot deg om du ønskjer å bli ein god toradarspelar. Du får individuell undervisning, og du får grundig opplæring i riktig speleteknikk. Sjølv om undervisninga er individuell, får du prøva deg i smågrupper i samband med konsertar og liknande.

OsterøyBelgen er eit lag du kan melde deg inn i for å delta i eit sosialt og triveleg toradarfelleskap. OsterøyBelgen er for unge musikarar og består av forskjellige toradergrupper alt etter kva nivå ein har nådd (ca 10 stk i ei gruppe). Desse ulike gruppene reiser ein del rundt på speleoppdrag, festivalar og konkurransar.

Spelar du toradar i kulturskulen og samtidig er med i Osterøybelgen, får du eit godt grunnlag for å bli ein komplett uttøver på toradaraen.

Me speler varierte melodiar, alt ifra swing og rumba til ulike barnemelodier, vals, polka og lignande.

Det er mulig å leige seg toradar viss du ikkje har dette.

Tid og stad
Undervisninga går føre seg på kulturskulen i og etter skuletid. I nokre tilfelle på nærskulen dersom det praktisk let seg gjera.

Trekkspel 

Trekkspelet er eit kjekt instrument i mange samanhenger. Du kan spele opp til dans, spela for deg sjølv eller spreie musikkglede i sosiale lag. 

Tid og stad
Undervisningtida går i utgangspunktet føre seg i kulturskulen sine lokale etter skuletid, eller på nærskulen dersom det reint praktisk let seg gjera.

Utlån instrument
Kulturskulen har eit par instrument til utlån for nybyrjarar.

Blåseinstrument

Hordaland er Norges korpsfylke. Her er stor bredde, samstundes som fylket er representert med korps i verdsklasse.
Osterøy kulturskule ønskjer å vera ein aktiv samarbeidspartnar i arbeidet med å utvikla korpsmiljøet i kommunen. Me tilbyr individuell undervisning på messinginstrument, og perkusjon. Me har for tida ikkje tilbod på treblås (saxofon, klarinett, tverrfløyte) Men dersom etterspurnaden er stor, vil me òg prøva å få til eit tilbod på desse instrumenta.

Osterøy skulebrass
Dersom du vil spele eit blåseintrument(messing) bør du melde deg inn i skulekorpset..

På Osterøy har vi Osterøy skulebrass (tidl. Haus og Lonevåg skulemusikklag) Som ny musikant melder du deg på faget korpsaspirant. Dette tilbodet er gratis, ein betalar berre ein mindre medlemskontingent til Osterøy skulebrass. Som korpsmedlem blir du ein del av eit inspirerande musikalsk fellesskap og eit godt sosialt miljø.

Kulturskulen leverer instruktørteneste til korpset og tilbyr som nemnd individuell undervisning for dei som ønskjer det. Vil du vita meir kan du kontakta kulturskulen eller korpset direkte.
Leiar Osterøy skulebrass: Gunn Lohne mob 97479053

SMARTstart

Kva slags musikar bur i deg?
SMARTSTART er eit variert grunnopplæringstilbod i musikk for deg som skal begynna i kulturskulen for første gong. Du får prøvd deg på song, stavspel, piano, ukulele, gitar og rytmeinstrument. Du vil også bli kjent med notar og musikkuttrykk slik at du er godt førebudd når du seinare vil begynna på eit instrument. 

Tilbodet blir gitt i gruppe og individuelt avhengig av kva som er tenleg til ein kvar tid.
Målgruppe: 1. og 2. klassingar.

Undervisningsøkta vert 15 min, men utvida når det er gruppeundervisning.

Ungdomskor

Kulturskulen har periodevis satt saman elever til kor. No vil vår songlærar Anne Lise Fjelland gjera dette til eit fast tilbod i kulturskulen.

Utviklande

I tillegg til å vera kjekt og sosialt, er korsong med på å utvikla deg musikalsk. Du lærer å lytta til andre, jobba med klang, og justera stemma di i samsong med andre.

For kven?

Tilbodet er for alle i ungdomskulealder og oppover. Dersom du speler eller syng i kulturskulen frå før, vil dette tilbodet vera må på gi deg utfyllande musikalsk erfaring.

Tid og stad

På kulturskulen på ettermiddag/kveldstid.

Låtverkstad i studio

Mange sit gjerne for seg sjølve og klimprar eigne tonar på eit instrument, eller skriv små tekstliner i det skjulte. I dette faget vil du få gode råd på vegen og hjelp til å skapa eit ferdig musikalsk produkt anten det er eit instrumentalt stykke eller ein song. 

Kulturskulen kan tilby studiotid og god coaching gjennom heile prossessen frå idè til ferdig innspelt produkt. Me har godt opptaksutstyr og det siste innan programvare. Ved å vera ein del av kulturskulen, har du og tilgang til andre elevar som kan hjelpa til med koring og speling på ulike instrument.

Tilbodet vert organisert som 40 minuttars økter over 18 veker.

Dersom det er to som vil ha eit prosjekt i lag, vil øktene bli på 80 min.

Digital musikkproduksjon

Kulturskulen har fått nytt godt utstyrt studio og me vil derfor tilby elevane våre faget digital musikkproduksjon. Det vil i utgangspunktet vere individuell undervisning.

Undervisninga vil bli organisert i 40 min.økter i to bolkar kvart semester.

Sjå introduksjonsvideo her.

Slik søkjer du

Registrer deg og meld deg på kurs her.

Har du vore elev i kulturskulen tidlegare, logger du deg inn her.

Brukarnamn er fødselsdatoen din, seks siffer (ddmmåå). Har du ikkje passord, ber du om eit nytt.

Kva kostar det?

Prisar for vårsemester 2019

 

Individuell instrumentopplæring 20 min

Kr 2150,-

Individuell opplæring/Smartstart 15 min, 1.-2.klasse

Kr 1900,-

Individuell instrumentopplæring i lag, for eksempel korps

Kr 2000,-

Liten gruppe: Bandskule/media/visuell kunst

Kr 1800,-

Stor gruppe: Teaterkor/dans/Ungdomskor

Kr 1600,-

 

Skulerute for kulturskulen

Kulturskuleåret føl grunnskulen si skulerute. Det vil seie at det ikkje er undervisning på elevfrie dagar i grunnskulen.

Sjå kulturskuleruta 2018-2019.

Søknad om friplass

Familier med låg inntekt kan søkje om friplass. Friplass tildeles etter søknad etter at elevplass er tildelt. Søkjar må legge ved likningsattest for siste år som viser husstanden si årsinntekt.

Last ned og fyll ut søknadsskjema.

Send skjema til 

Osterøy kommune
Geitaryggen 8 
5282 Lonevåg

Reglement

Reglar for undervisning

1. Osterøy kulturskule si årlege undervisningstid føl grunnskulen si skulerute, med same ferie og fridagar. 

2. Innmelding skal føregår online på kulturskulen sin heimeside.

3. Dersom søknadsmassen er stor i høve til det timetal som kulturskulen har, vert desse prioriterte:

                         a) Søkjarar som har halde søknadsfristen.

                         b) Søkjarar under 20 år.

                         c) Tidlegare elevar i kulturskulen.

4. Eleven er ved innmeldinga bunden for skuleåret dersom ikkje tvingande grunnar som lengre sjukdom eller fråflytting hindrar eleven i å ta timar. Dersom ein elev likevel ønsker å slutta midt i ein sesong må kulturskulen få melding om dette før 1.desember for å unngå å betala for vårhalvåret.

5. Eleven/føresette må gje skriftleg melding til kulturskulerektor ved lengre fråvær, meir enn  2 gonger. Læraren må få munnleg melding på førehand om kortare fråvær og skriftleg melding ved neste frammøte.

6. Elevkontingenten skal betalast i 2 avdrag (november/mai). Det vert ikkje frådrag for ferie og fridagar som gjeld grunnskulen, eller for timar som eleven har forsømt. Læraren er ikkje pliktig til å ta slike timar att.

Lengre sjukefråvære (meir enn 2 gonger) vil kulturskulen gje kompensasjon  for gjennom ekstra timar eller ved reduksjon av eigenbetalinga.

Det vert gjeve frådrag i eigenbetalinga dersom kulturskulen på grunn av uventa hindringar må avlysa meir enn 2 undervisningsgonger pr. semester . 

7. Dersom ein elev startar undervisninga seinare enn  skulestart og dette ikkje skuldast plassmangel eller tilflytting til kommunen, må eleven betala full elevkontingent.

8. Det vert innvilga syskenmoderasjon når to eller fleire sysken samstundes er elevar ved kulturskulen. Satsane vert vedtekne for kvart skuleår.( For 2015-17 er søsken- moderasjonen 50% for søsken nr. 3 og vidare)

9. Under heilt spesielle tilhøve kan kulturskuleutvalet etter grunngjeven skriftleg søknad frå eleven/føresette innrømma heilt eller delvis fritak for betaling av elevkontigent. Du kan sende søknad til kulturskulerektor

10. Dersom undervisningsreglane vert neglisjerte og/eller eleven syner ei vedvarande dårleg framferd, kan kulturskuleutvalet etter råd frå eleven sin(e) lærar(ar) og rektor vedta å utelukke eleven frå undervisning for kortare eller lengre tid.  Eleven sine føresette skal på førehand vera informert om tilhøvet. Avgjerda kan ankast til sektor for Oppvekst/kultur

 


Sist oppdatert: 12.03.2019
Publisert: 08.11.2018