Museum

Havråtunet

Havrå er ein gard med ei historie som strekker seg tilbake til bronsealderen. Garden vart freda i 1998. På garden er klyngetunet og den gamle teigdelinga framleis intakt.

Garden er eit unikt minne om gardsdrift, byggjeskikk og arbeidsliv på dei mangbølte vestlandsgardane.

Trykk her for å komme til heimesida til Havråtunet. Her finn du opningstider og kontaktinformasjon. 

Osterøy museum

Osterøy museum vart skipa i 1920. i dag har museet utvikla seg til ein viktig regional institusjon der den lokale historia til Osterøy blir vist mellom anna gjennom byggeskikk og tradisjonelle handverksprodukt.

Samlingane er å finna i eldre hus som står rundt på området, og i eit moderne nybygg. Det eldste huset på museet er Fjellskålnesloftet frå 1600-talet. Museet spelar også ei viktig og aktiv rolle for det utøvande kulturlivet på Osterøy med konsertar og foredrag.

Trykk her for å komme til heimesida til Osterøy museum. Her finn du opningstider og kontaktinformasjon. 

Besøk Osterøy museum på facebook

 

Hamre kyrkje

Hamre kyrkje var soknekyrkje i mellomalderen. Ho var etter alt å dømme hovudkyrkje for heile Nordhordland, og kyrkjestaden kan ha vore den eldste i regionen.

Trykk her for å lese meir om kyrkja og hennar historie. Du kan og tinga omvisning i kyrkja.


Sist oppdatert: 07.01.2019
Publisert: 08.11.2018