HeimPlan, bygg og eigedomKart og eigedomsinformasjon

Kart og eigedomsinformasjon

Bestille kart

Du kan bestille kart via «ambita-infoland». 

Gå til Ambita infoland si heimeside.

Kartdata, eigedomsinformasjon, eigedomskart, nabolister og andre kartprodukt er andre tenester som kan kjøpast via bl.a Ambita Infoland si løysing.

Du kan òg bestille kart direkte frå kommunen. Trykk her for å bestille kart.  

Slette heftelsar på eigedom

Ynskjer du å slette noko frå grunnboka?

Ved å følgje rett framgangsmåte kan du få slette ein forkjøpsrett, burett, leigeavtale, festekontrakt, utleggspant og andre hefte.

På Kartverket si heimeside kan du finne meir informasjon om ulike hefte og korleis du slettar dei. 

Gå til Kartverket si side her. 

Kva gjeld for eigedommen

Matrikkelen

Matrikkelen er Norge sitt offisielle eigedomsregister, med informasjon om eigedomsgrenser, areal, bygningar, bustader og adresser. Matrikkelen inneheld opplysningar om eigedommen sine fysiske eigenskapar.

For å sjå kva som er registrert på eigedommen din, kan du gå inn på www.norgeskart.no for å få eit utdrag, eller bestille matrikkelbrev frå kommunen som gir ein fullstendig oversikt.

Les meir om matrikkelen og kva opplysningane kan brukast til her. 

Feil i kart

Dersom du oppdagar ei grense som du meiner er feil, eller du har informasjon om ei grense som ikkje er registrert, kan du ta kontakt med kommunen.

I slike saker kan det vere nødvendig å skaffe dokumentasjon som viser kva du meiner er riktige grenser for eigedomen. Dette kan vere gamle skylddelingsforretningar, jordskiftekart, eller private avtalar. Dersom du og naboen er einig i at grensene er feil, kan de krevje at kommunen rettar opplysningane. Dersom du og naboen er ueinige om kvar grensa går, kan verken Kartverket eller kommunen avgjere tvisten. Saka må takast inn for forliksrådet, dei ordinære domstolane, eller jordskifteretten.

Fyll ut skjema "Krav om retting av feil og manglar i matrikkelen" og send på e-post til post@osteroy.kommune.no, eller pr post til 

Osterøy kommune
Rådhusplassen
5282 Lonevåg

Ulike nett-tenester

Du kan gjere oppslag på din eller andre sin eigedom via ulike nett-tenester:

  • Nordhordlandskart.no - Felles kartløysing for kommunane i Nordhordland.  
  • Boligmappa - "Boligens servicehefte"
  • Se din eiendom - Statens kartverks nettløsning for å vise informasjon frå matrikkelen og grunnboka. 

Finn brukseiningsnummer 

Dersom det er knytt fleire brukseiningar til ei veg- eller matrikkeladresse, t.d. ei bustadblokk, vil den offisielle adressa også bestå av eit brukseiningsnummer. 

Les meir om korleis du finn brukseiningsnummer her.

Reguleringsplanar 

Ein reguleringsplan gjev detaljerte rammer for kva eit areal kan brukast til, og er grunnlaget for å ta stilling til byggjesøknader og andre søknadspliktige tiltak i eit område. Les meir om reguleringsplanar her og korleis du kan finne ut kva som gjeld for eigedommen din.   

Kontakt oss

Har du spørsmål, eller har problem med å finne kart, send e-post til 

post@osteroy.kommune.no

 


Sist oppdatert: 14.01.2019
Publisert: 08.11.2018