Pågåande planar

Områderegulering Lonevåg

Planprogrammet

Planprogrammet utgreier kort om både historisk utvikling og situasjonen i dag, og fokuserer hovudsakleg på kva tema som må vurderast og greiast ut for at ein skal få ei positiv utvikling for framtida i Lonevåg.  

Planprogrammet finn du her

Skredfarekartlegging

Sweco Norge AS har på oppdrag for Osterøy kommune kartlagt skredfaren i eit område ved Lonevåg på Osterøy. 

Skredfarekartleggingen finn du her

Flaumsonekartlegging av Lonevåg

Asplan Viak har vore engasjert av Osterøy kommune for å utarbeide ei flaumfarekartlegging med forslag til løysingar for kommunesenteret i
Lonevåg. Kommunen har fått klimatilpassingsmidlar frå Miljødirektoratet for å få utført denne studien. Resultatet viser at store delar av Lonevåg sentrum er utsett for overfløyming ved ekstreme nedbørshendingar. Det er særleg stormflo i kombinasjon med framtidig havnivåstigning som må takast omsyn til i vidare planlegging.

Rapporten finn du her. 

Vedlegg til rapporten. 

Konseptanalyse flaum 

Asplan Viak har vore engasjert av Osterøy kommune for å utarbeide ei flaumsonekartlegging med konseptanalyse med forslag til tiltak og moglegheitsstudie for kommunesenteret i Lonevåg

Konseptanalysen for flaum finn du her.  

Moglegheitsstudien

Moglegheitsstudien skal gi Osterøy kommune inspirasjon til vidare planarbeid for Lonevåg. Moglegheitsstudien vil saman med tettstadanalysen vere eit grunnlag og utgangspunkt for vidareutvikling av Lonevåg.

Moglegheitsstudie for Lonevåg finn du her


Sist oppdatert: 12.08.2019
Publisert: 08.11.2018