Privat avlaupsanlegg og utsleppsløyve

Skal du etablere eit nytt utslepp i eit område utan offentleg avløpsleidning må du søkje om utsleppsløyve og bygging av avlaupsanlegg.

Du må også søkje om løyve når du skal:

  • auke eit eksisterande utslepp
  • endre type utslepp eller utsleppsstad
  • oppgradere eller rehabilitere avløpsanlegget

Du treng ikkje å søkje når du skal vedlikehalde anlegget ditt. Du treng heller ikkje å søkje om bygget ditt ikkje har innlagt vatn og utsleppet berre er gråvatn.

Særskilte reglar for slamavskiljar/septiktank

Slamavskiljar og septiktank skal inngå i den kommunale slamtømmeordninga.

Den kommunale slamtømminga skjer til faste tider. Tømming av ein slamavskiljar skjer normalt kvart andre år for ein heilårsbustad og kvart fjerde år for ein fritidsbustad.

Vilkåra for å få utsleppsløyve er at:

  • tilkomstveg har nødvendig fri breidde, høgde og bæreevne for tømmebil, normalt åtte tonn akseltrykk
  • avstand frå køyrbar veg til slamavskiljar ikkje er meir enn 100 meter
  • slamavskiljaren ikkje ligg lågare enn åtte meter frå køyrbar bilveg

Dersom du ikkje kan fylle desse vilkåra må du vurdere alternative avløpsløysingar. Vi godkjenner ikkje tett tank og heller ikkje plassering av slamavskiljar som vi må bruke båt for å tømme.

Kva betyr orda?
  • Avløpsanlegg: Eit anlegg for handtering av avløpsvatn som har eit avløpsnett, reinseanlegg og utsleppsstad.  Ein slamavskiljar (septiktank) og eit minireinseanlegg er ein del av avløpsanlegget.
  • Gråvatn: Badevatn, oppvaskevatn og vaskevatn frå eit vanleg hushald.
  • Svartvatn: Vatn som kjem frå eit toalett.

Slik søkjer du

  1. Fyll ut søknad om utslepp av sanitært avlaupsvatn frå hus og hytter. 
  2. Hugs at du må nabovarsle søknaden. Naboane dine skal ha minst fire veker til å komme med innspel til søknaden din. Du må varsle alle som ligg langs heile traseen til utsleppet – både langs leidningen og ved utsleppsstaden. Det kan vere verdt å merke seg at denne typen nabovarsling har fleire krav enn vanleg nabovarsling etter plan- og bygningslova.
  3. Send søknaden til post@osteroy.kommune.no, eller pr post til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg. 
Søknaden må innehalde
  • gards- og bruksnummer og adresse på bygningen som skal knytast til avløpsanlegget
  • opplysningar om søknaden gjeld nytt utslepp, vesentleg auke av eksisterande utslepp eller endring/rehabilitering av eksisterande avløpsanlegg.
  • Forventa storleik på utsleppet (tal personekvivalentar)
  • Opplysningar om deg som eig anlegget (ansvarleg søkjar)
  • Forholdet til gjeldande plan som gjeld for eigedommen (reguleringsplan/kommuneplan)
  • Informasjon om utsleppstaden: om avløpsvatnet går til sjø, bekk, vassdrag og så vidare. Du må vise heile plasseringa av avløpsanlegget med tilhøyrande leidningstrase på eit kart.
  • Reinsegrad av anlegget du søkjer om
  • Nødvendige vedlegg
    • Informasjon om fagperson/føretak som har hjelpt deg med utforming og dimensjonering av anlegget
    • Dokumentasjon av reinsegrad for den avløpsløysinga du søkjer om
    • Plassering av avløpsanlegget med tilhøyrande leidningar på eit kart.
    • Oversikt over kva eigedommar som brukar/skal bruke same avløpsanlegg som deg
    • Andre interesser som søknaden kan komma i konflikt med t.d. drikkevassforsyning (private brønnar), badeplassar, friområder osb.
    • Oversikt over kven som er nabovarsla
    • Kopi av protestar/merknadar til søknaden din

Krav til søkjar

Etablering av eit avløpsanlegg krev også at du har søkt om og fått løyve til tiltak med ansvarsrett. Når du skal etablere eit avløpsanlegg, må etableringa skje i samsvar med gjeldande plan for eigedomen der du skal plassere anlegget. Er det i strid med planen, må du søkje om dispensasjon.

Du kan ikkje byggje anlegget før vi har gitt byggjeløyve. Før du kan ta i bruk anlegget må du søkje om og få ferdigattest eller mellombels bruksløyve.

Når får du svar på søknaden?

Vi startar behandlinga av søknaden når søknaden er ferdig utfylt og har alle nødvendige vedlegg. Behandlingsfristen er seks veker frå vi har mottatt fullstendig søknad. Manglar det opplysningar eller dokumentasjon, kan dette forseinka behandlinga.

Dersom du har søkt om unntak frå standardkrava i forureiningsforskrifta kapittel 12 gjeld ikkje saksbehandlingsfristen på 6 veker.

Kontakt oss

Har du spørsmål, eller treng rettleiing, ta kontakt med byggjesaksavdelinga

Les meir

 


Sist oppdatert: 18.01.2021
Publisert: 16.11.2018