Nabovarsel

Kven må du varsle?

Før du sender inn ein søknad om å bygge på eigedommen din, må du varsle naboar og motbuarar.

Ein naboeigendom har felles grense med eigendommen du skal bygge på. Motbuareigedomen ligg på den andre sida av eit ope areal, til dømes ein veg, innkøyrsle, leikeplass eller eit friområde. 

Skal du nabovarsle ein søknad om utsleppsløyve ved etablering av nytt avløpsanlegg, er det utvida krav til kven du må varsle. Du må varsle alle som ligg langs heile traseen til utsleppet – både langs leidningen og ved utsleppsstaden.

Er naboeigedommen din ein festetomt, skal du varsle både eigar og festar.

Korleis varslar du?

Ta kontakt med oss for å få ut liste over dei naboane du må varsla.

  • Er du eit føretak, må du bestille naboliste via Infoland.
  • Som privatperson kan du sende ein e-post til post@osteroy.kommune.no, eller ta kontakt med servicekontoret vårt. Vis til gårds- og bruksnummer på eigedommen du skal bygge på når du ber om nabolista.

Du kan anten sende nabovarsel på e-post, levere dei personleg eller sende dei som rekommandert post. Dersom du varslar på e-post, må mottakaren sende eit svar som stadfestar at e-posten er mottatt. Automatisk generert svar er ikkje tilstrekkeleg. 

Etter at du har sendt varsla, skal naboane få minst 14 dagar til å uttale seg om tiltaka. Søkjer du om utsleppsløyve, skal naboane dine ha minst 4 veker til å uttale seg. Naboar som har merknader til det du skal bygge, skal sende desse til deg. Du må ikkje sende søknaden din til kommunen før fristen for å komme med nabomerknad har gått ut.

Når du sender inn søknaden til oss, skal du legga ved kvittering som viser kven som er nabovarsla, kopi av nabovarselet og eventuelle nabomerknadar du har fått.

Har det gått meir enn eit år frå du varsla naboane til søknaden vert sendt inn til kommunen, må du sende nytt nabovarsel.

Du treng ikkje varsle om mindre endringar

Hovudregelen er at du alltid skal varsle om byggearbeid. Du treng likevel ikkje å varsle når naboar i liten grad vert råka. Dette gjeld til dømes:

  • når du kun skal gjere innvendige arbeid
  • når det er store avstandar til næraste nabo
  • når du skal gjennomføre mindre utvendige tiltak som naboen ikkje kan sjå frå sin eigedom

Dersom du er i tvil om du må nabovarsle tiltaket ditt, bør du ta kontakt med naboane dine og kommunen.

Kommunen kan krevje at naboar blir varsla. Kommunen kan også krevje at andre enn dei som er tilgrensande naboar og motbuarar blir varsla dersom dei vert råka av det du skal bygge.

Kva skal eit nabovarsel innehalde?

Nabovarselet skal skildre det du skal bygge. Det må innehalde tilstrekkeleg informasjon, slik at naboen forstår kva du skal bygge. Du må også legge ved:

  • situasjonsplan
  • snitt- og fasadeteikningar
  • vise til kva du skal søke om dispensasjon frå (t.d. avstand til nabogrense, reguleringsplan, arealføremål) og grunngjevinga for søknad om dispensasjon
Her finn du skjema

Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Når du skal nabovarsle, brukar du søknadsskjema nummer 5154, 5155 og 5156

Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.

Har du merknad til nabovarsel?

Har du spørsmål til varselet eller vil be om utsett frist for å gje merknad, må du retta førespurnaden til den som er oppført i nabovarselet. Kontaktpersonen kan både vere ein privatperson og eit føretak. Informasjonen skal stå oppført på skjemaet du har fått.

Har du mottatt eit nabovarsel og vil komme med merknad til varselet, skal du sende merknaden din til den kontaktinformasjonen som går fram av varselet.

Du må sende merknaden innan 2 veker etter at varselet er sendt til deg. Dersom naboen din skal søke om utsleppsløyve, er merknadsfristen 4 veker.

Dersom du vil sende kopi av merknaden din til kommunen, kan du sende kopien på e-post til post@osteroy.kommune.no eller med posten til:

Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Samtykke til plassering nærare nabogrensa enn 4 meter

Plan- og bygningslova seier at ein bygning eller andre byggetiltak skal plasserast minst fire meter frå nabogrensa. Det fins fleire unntak frå dette kravet.

Dersom ein nabo skal godkjenne at du plasserer ein bygning eller eit anna byggverk nærare enn fire meter frå grensa, må du ha eit skriftleg samtykke frå naboen din. Det er ikkje nok at naboen kryssar av for «samtykker til tiltaket» på skjemaet for kvittering for nabovarsel (blankett 5156).

I eit gyldig samtykke må det gå fram kva eigedommar samtykket gjeld,  kva minsteavstand det blir gitt samtykke til og signatur frå nabo som gir samtykket.

Les meir 

Sist oppdatert: 24.01.2019
Publisert: 08.11.2018