Treng du hjelp til å søkje?
Før du byggjer, riv eller endrar noko på eigedomen din, sjekk om:
- du må søkje
- du kan søkje sjølv
- du må ha hjelp av fagfolk
Lurar du på kva som gjeld for deg? Trykk her for å gå til lista vår med aktuelle byggjetiltak.
Dersom du må søkje med hjelp frå fagfolk blir rollene i byggesaka di slik:
- Du blir tiltakshavar, og er anten eigar eller har fullmakt frå eigar til å søkje om å byggje.
- Fagfolk blir ansvarleg søkjar og må fylle ut og sende inn søknaden for deg.
Du må sjølv engasjere og inngå avtalar med fagpersonane og føretaka som skal ha ei rolle i saka di.
Som regel må du søkje med hjelp frå fagfolk når du skal byggje eigen bustad eller fritidsbustad.
Dersom du kan søkje sjølv, kan du få slik hjelp frå kommunen:
Vi fyller ikkje ut søknaden for deg, men kan svare på spørsmål slik at du kjem i mål.
Til dømes:
- Plangrunnlag
- Naboliste
- Situasjonskart
- Skjema
- Dispensasjon
- Andre styresmakter
Slik forstår du kommunale planar
For å finne ut kva som er tillatt på eigedomen din, må du sette deg inn i reglar, planar og bestemmelser som gjeld for din eigedom.
Kontakt oss
Har du spørsmål, eller treng rettleiing, ta kontakt med byggjesaksavdelinga
- Telefon: 56 19 21 00
- Telefontid: Mandag, onsdag og torsdag frå klokka 9-13
- E-post: post@osteroy.kommune.no