HeimPlan, bygg og eigedomUtbyggingsavtale

Utbyggingsavtale

Utbyggingsavtale kan nyttast i samband med utbygging i Osterøy kommune. Utbyggingsavtaler har til hensikt å tydleggjere og fordele ansvar for etablering av ulike tiltak som er fastsett i reguleringsplanar og rekkefølgjebestemmelsar. Kostnadane med å inngå avtale vert rekna ut etter medgått tid etter gjeldande satsar.

Oppstart av utbyggingsavtalar

Hoshovdstølen

Hoshovdstølen med eigar av gnr. 87 bnr. 3 - Kari Laurhammer Mjøs og Aksel Mjøs.

I samsvar med plan- og bygningsloven § 17-4, kunngjer Osterøy kommune med dette oppstart av forhandlingar med føremål om å inngå utbyggingsavtale for utbygging av reguleringsplan for Hoshovdstølen med eigar av gnr. 87 bnr. 3 Kari Laurhammer Mjøs og Aksel Mjøs.

Avtalen skal bidra til å sikre ein effektiv og føreseieleg gjennomføring for alle partar i samband med planlegging og utbygging av området og nærliggande infrastruktur. Utbyggingsavtalen vil blant anna handle om etablering av teknisk og grøn infrastruktur ved utbygging av området i medhald av reguleringsplan og rekkefølgjekrav.

Avtalen vil kunne få innverknad på rekkefølgjekrav for utbygging i nærliggande område som i kommuneplanen er avsett til utbyggingsføremål.

Ved semje vil framforhandla avtale bli lagt ut til offentleg ettersyn. Inngått avtale vil kunngjerast.

Eventuelle spørsmål til avtalen rettast til Osterøy kommune v/Sektor for miljø og teknikk. 

Inngåtte utbyggingavtalar

Fugledalen

Les utbyggingsavtalen for reguleringsplan Fugledalen - Bustad - Hatland mellom Osterøy kommune og tiltakshavar lonevåg Boligutvikling AS. 

Oddalsmyra
Heldal hytteområde

Utbyggingsavtale Heldal hytteområde

Gjennomførte utbyggingsavtalar 

Pris og gebyr

Sjå Teknisk gebyrregulativ for prisar innan utbyggingsavtale.

Les meir


Sist oppdatert: 13.12.2018
Publisert: 10.12.2018