HeimPolitikk og høyringarBudsjett, årsmelding og økonomiplan

Budsjett, årsmelding og økonomiplan

Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet i kommunen der alle viktige mål og oppgåver i kommunen er skildra.

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet og for kommunen som organisasjon.

Økonomiplanen tek utgangspunkt i kommuneplanen sine langsiktige mål, strategiar og utfordringar og angir korleis kommunen skal nytta ressursane for å nå vedtekne politiske mål.

Årsbudsjettet er som regel første året i økonomiplanen, og skildrar ressursfordelinga i detalj for det gjeldande året, medan årsregnskapet oppsummerer korleis ressursbruken faktisk vart nytta.

Her finn du siste versjonar av økonomiplan, budsjett og årsmeldingar.

Økonomiplan
Budsjett
Årsmeldingar
Kommunen sin økonomiske styring 

Les om hovudreglane for kommunen sin økonomiske styring her. 


Sist oppdatert: 27.06.2019
Publisert: 01.11.2018