Høyringar og kunngjeringar Varsel om endring av reguleringsplan - Holmane Næring – Fotlandsvåg planID 46302013004 I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-8 og 12-14 verdt det varsla om endring av ovannemnde plan. 10.07.2024 Osterøy kommune ber om høyringsinnspel til: Trygg oppvekst og tidleg innsats i Osterøy 2024-2027 Førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar I barnevernslova er det lovbestemt at heradsstyre skal vedta ein plan for arbeidet til kommune for å førebygga omsorgssvikt og åtferdsvanskar. Kravet om ein slik plan er frå 01.01.2022. Bakgrunnen for den førebyggande planen er barnevernsreformen som trådde i kraft 01.01.2022. Hovudmålet til reforma er å styrke det førebyggande arbeidet i kommunen og oppdage tidleg dei barna som har behov for hjelp. Kommunen har ansvar for å førebygga omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar hos barn. Det følgjer av barnevernslova § 3-1 første ledd. 09.07.2024 Val av meddommarar for Osterøy kommune for perioden 2024 - 2028 lagt ut for offentleg kontroll/ettersyn. Dersom du har merknader til nokon av dei valde ber vi deg om å melde frå til kommunen om dette til post@osteroy.kommune.no innan 31.juli. 2024 09.07.2024 Heradstyret vedtok den 12.juni 2024 å sende utkast til Planstrategi for Osterøy kommune 2024 - 2027 på høyring Denne planstrategien er for valperioden 2024 – 2027. Planstrategien byggjer i stor grad på planstrategien for førre valperiode ved at utviklingstrekk og utfordringar er mykje dei same som i førre perioden. Det er óg framleis kommuneplanar og temaplanar som ikkje er påbyrja eller vedtekne i samsvar med tidsplanen i planstrategien. Desse er i hovudsak ført med over i denne planstrategien. 27.06.2024 Folkehelseoversikt 2023- 2024 vart vedteke på Heradsstyremøte 12. juni og vert med dette kunngjort. I folkehelseoversikta presenterer vi oppdatert kunnskap om helsetilstanden til innbyggjarane i kommunen. Kunnskapen byggjer dels på registertbaserte tal (td. for uføre eller inntektsnivå) og dels på spørjeundersøkingar (Ungdata og Folkehelsundersøkinga 2022) som er gjennomført blant innbyggjarane våre. 20.06.2024 1.gongs høyring og offentleg ettersyn: Detaljregulering – Haugemyrane aust – Hauge – PlanID 4630-2019004 I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har Heradsstyret i Osterøy kommune dato 15.05.2024 gjort følgjande vedtak: 04.06.2024 2. gong høyring og offentleg ettersyn: Detaljregulering - Helldal småbåthamn og strandsone - PlanID 46302022001 Plan og kommunalteknisk utval har i møte 06.03.24, og Heradsstyret i møte 17.04.24, vedteke følgjande: Forslag til reguleringsplan for Helldal småbåthamn og strandsone planID 46302022001 med plankart datert 19.02.24, føresegner datert 23.04.24, planskildring datert 19.02.24 - med tilhøyrande dokument vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan og bygningslova § 12-10, med slik endring: 02.05.2024 Høyring og innspel til eigarskapsmelding - Anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet Eigarskapsmelding for Anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet er vedteken lagt ut på høyring av heradsstyret. 29.04.2024 Kunngjering av oppstart av planarbeid – Omsorg+ Hauge – gbnr 4/112 – PlanID 4630 2024 001 Merknadsfrist 19. april 2024 21.03.2024 1. gong høyring og offentleg ettersyn: Reguleringsplan for Mjelstad deponi - PlanID 4630_2021001 I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har Heradsstyret i Osterøy kommune dato 21.02.24 gjort følgjande vedtak: 08.03.2024 1. gangs høyring. Forslag til retningslinjer for Osterøy frivilligsentral Forslag til retningslinjer for Osterøy frivilligsentral er lagt ut på høyring 04.03.2024 Varsel om oppstart av privat detaljregulering for Haus næringspark - PlanID 4630 2023 002 Med heimel i Plan- og bygningsloven § 12-8 varslast det med dette oppstart av privat reguleringsarbeid for detaljplan: detaljregulering for Haus næringspark for gnr. 54 bnr. 25, 30, 31, 32 m.fl. - PlanID 4630 2023 002. 24.02.2024 1. gong høyring og offentleg ettersyn: Detaljregulering – Øvre klubbelia - PlanID 4630-2021003 I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har Heradsstyret i Osterøy kommune dato06.12.23 gjort følgjande vedtak: 12.01.2024 Forvaltningsplan Kossdalen Forvaltningsplan for Kossdalen - frist for tilbakemelding 31.desember 2023 01.11.2023 1. gong høyring og offentleg ettersyn – Detaljregulering - Helldal småbåthamn og strandsone - PlanID 46302022001 Plan og kommunalteknisk utval har i møte 24.05.23, ogHeradsstyret i møte 21.06.23, vedteke følgjande: 10.07.2023 KOMMUNESTYRE- OG FYLKESTINGSVALET 2023 KUNNGJERING - TIDLEGRØYSTING 03.07.2023 3.gongs begrensa høyring og offentlig ettersyn - Planforslag for interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland - Region Nordhordland Planforslag for Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland ligg no til 3. gongs begrensa høyring med høyringsfrist 14. august 2023. 29.06.2023 Kunngjering endeleg vedtak – Detaljregulering Haus sentrum sør, planID 46302020002. Klagefrist 23. juni 2023 Føremålet med planen er å leggje til rette for ei lågblokk med tilhøyrande infrastruktur i Haus sentrum. 31.05.2023 Godkjende vallister Valstyret har i møtet 10.05.23 godkjend desse vallistene til kommunestyrevalet 2023 26.05.2023 Høyring og offentleg ettersyn - 2.gongs høyring Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland Planforslag for Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland ligg no til 2. gongs høyring med høyringsfrist 10. mai 2023. 04.04.2023 Høyring og offentleg ettersyn - Planprogram for Kommunedelplan for kulturmiljø i Osterøy kommune Saka gjeld varsling av oppstart av planarbeid og at utkast til planprogram vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i minimum 6 veker. Merknadsfrist: 28.april 2023 14.03.2023 Kunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Holmane næring, Fotlandsvåg - PlanID 46302013004. Klagefrist 21.mars 2023 Hovudformålet med planarbeidet er å utvida eksisterande næringsområde gjennom utfylling i sjø og legge til rette for langsiktig områdeutvikling. 23.02.2023 Avgrensa høyring og offentleg ettersyn - Detaljregulering Holmane næring, Fotlandsvåg - PlanID 46302013004. Merknadsfrist 14.desember 2022 Planframlegget vert med dette sendt på avgrensa høyring til offentlege mynde og naboar med endringar i planframlegg etter 3.gongs høyring og offentleg ettersyn. 22.11.2022 Høyring og offentleg ettersyn - 2.gongs handsaming - Detaljregulering Haus sentrum sør - PlanID 46302020002 - Merknadsfrist 8 januar 2023 Føremålet med planen er å leggje til rette for ein lågblokk med tilhøyrande infrastruktur i Haus sentrum. 17.11.2022 Høyring og offentleg ettersyn - Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland Planforslag for Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland ligg no til høyring med høyringsfrist 6. desember 2022. 21.10.2022 Høyring og offentleg ettersyn - Heilskapleg risiko- og sårbaranalyse for Osterøy kommune 2022 Heilskapleg ROS for Osterøy kommune skal gje oversikt over risikobiletet og sårbare område i kommunen, på eit overordna nivå, med vekt på konsekvensar og sårbarheit for samfunn, kommune og tenesteproduksjon. 13.09.2022 Høyring og offentleg ettersyn - 3.gongs handsaming - Detaljregulering Holmane næring, Fotlandsvåg - PlanID 46302013004 - Merknadsfrist 9.oktober 2022 Saka gjeld detaljregulering av næringsområde i Fotlandsvåg – detaljregulering Holmane næring. Hovudformålet med planarbeidet er å utvida eksisterande næringsområde gjennom utfylling i sjø og legge til rette for langsiktig områdeutvikling. 12.08.2022 Arealinnspel revisjon av kommuneplanen sin arealdel Det er opna opp for arealinnspel knytt til dei tema som er vedtekne i planprogrammet. 07.07.2022 Kunngjering - Varsel om oppstart av planarbeid for Helldal småbåthamn og strandsone, gbnr 86/5 m.fl, Hosanger, PlanID 46302022001. Merknadsfrist 31.august 2022 Planen legg opp til ei opprydding og vidareutvikling av hamneområdet og betra ålmenn tilgjenge til strandsona og friluftsaktivitetar i strandsona. 01.07.2022 Kunngjering - Innspel til kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet Vi lagar ny kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet. No ønskjer vi innspel til korleis vi kan leggje til rette for at alle som bur på Osterøy kan halde seg aktive i sin eigen kvardag - Frist for innspel 31.august 2022. 27.06.2022 Kunngjering om 1.gongs høyring og offentleg ettersyn - Detaljregulering Haus sentrum sør - PlanID 46302020002 - Høyringsfrist 2.august Føremålet med planen er å leggje til rette for ein lågblokk med tilhøyrande infrastruktur i Haus sentrum. 17.06.2022 Høyring - Rundhovde utbyggingsavtale Med heimel i plan og bygningslova § 17-4, samt avtale mellom partane, har heradsstyret i møte 23.2.2022 vedteke å leggje følgjande utbyggingsavtale ut på høyring: Utbyggingsavtale - reguleringsplan Rundhovde, Plan nr. : 1253 2015 005 28.02.2022 Kunngjering om Høyring og offentleg ettersyn - Planprogram til Kommuneplanen sin arealdel - Merknadsfrist til planprogrammet er 12.april. I tråd med Heradsstyret sitt vedtak i møte 23.februar 2022, vert planprogram for Kommuneplanen sin arealdel lag ut til høyring og offentleg ettersyn. 28.02.2022 Kunngjering av vedtak - Mindre endring Småland næringsområde - PlanID 46302014001 Det er gjort vedtak om endringar i reguleringsplan for Småland næringsområde. Klagefrist er 3 veker frå melding om vedtak er motteke. 21.02.2022 Kunngjering av oppstart av planarbeid - Hauge - gbnr 4/95 m.fl - PlanID 46302019004 - Merknadsfrist 11.mars 2022 Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for detaljhandel på Hauge, med tilhøyrande infrastruktur. 09.02.2022 Kunngjering - Søknad om endra plassering og skifte av anleggsmidlar til ringar på havbrukslokalitet 18898 Skaftå i Osterøy kommune Sjøtroll Havbruk AS søkjer om å flytta anlegg som ligg på lokalitet 18898 Skaftå, lengre ut frå land til godkjent areal VA1 i samsvar med akvakulturområdet i vedteken kommuneplan for Osterøy kommune. Det vert samtidig søkt om å skifte ut kompakt stålanlegg til ringar i ramefortøying med oppsamling. Merknadsfrist er sett til 11.februar. 10.01.2022 Høyring - Espevoll utbyggingsavtale Med heimel i plan og bygningslova § 17-4, samt avtale mellom partane, har heradsstyret i møte 13.10.2021 sak 071/21 vedteke å leggje følgjande utbyggingsavtale ut på høyring: Utbyggingsavtale - reguleringsplan Espevoll næringsområde, Plan nr. : 1253 2010-002. Frist for merknad: 7. januar 2022. 30.11.2021 Kunngjering endeleg vedtak - Kommuneplanen sin samfunnsdel Kommuneplanens samfunnsdel er verktøyet for kommunen sin heilskaplege planlegging. Samfunnsdelen skal omfatte både kommunen som samfunn og kommunen som organisasjon. 29.10.2021 Kunngjering endeleg vedtak - Områderegulering Lonevåg - Lonevåg Hatland - PlanID 46302015001 - Klagefrist 19.11.2021 Planområdet er på om lag 1500 daa og dekkjer store delar av det som er Lonevåg sentrum med tilhøyrande omland. Områdeplan Lonevåg- Hatland erstattar og opphevar eldre planar innanfor planområdet ved vedtak av planen. 28.10.2021 Kunngjering endeleg vedtak - Temaplan for Trafikksikring i Osterøy kommune 2021-2025 Temaplanen vart vedteke av Heradsstyret i møte 13.10.2021. 20.10.2021 Kunngjering endeleg vedtak - Mindre reguleringsendring etter forenkla prosess Fugledalen bustad planID 12532021001 Endringa gjeld ønske om endring av utnyttingsgrad for to delfelt innanfor planområdet. 23.09.2021 Høyring og offentleg ettersyn - Forslag til ny avfallsforskrift for Osterøy kommune - Merknadsfrist 31.10.2021 Framlegg til ny Forskrift for handtering av hushaldsavfall i Osterøy kommune vert lagt ut offentleg høyring. 13.09.2021 Kunngjering - Varsel om oppstart av planarbeid - Detaljregulering Utviding Mjelstad deponi, gbnr 121/21 m.fl/ - PlanID 46302021001 - Merknadsfrist 31.august 2021 Føremålet med planarbeidet er å utarbeide detaljreguleringsplan som legg til rette for utviding av deponiet, og ny trasé for sigevassledning 02.07.2021 Kunngjering - Varsel om oppstart av planarbeid - Detaljregulering Øvre Klubbelia, gbnr 5/1 m.fl - Hauge. Merknadsfrist 8.august 2021 Føremålet med planframlegget er å leggje til rette for frittliggjande bustader som eine- og tomannsbustader, mellom 7-10 bueiningar. 25.06.2021 Høyring og offentleg ettersyn - Søknad om endra plassering av anlegg for oppdrett av matfisk av regnbogeaure på lokalitet 13644 Tepstad i Osterøy kommune. Lerøy Havbruk AS vil flytte anlegget for oppdrett ved Tepstad 200 meter lenger ut frå land til akvakulturområde i kommuneplanen. Merknadsfrist er 10.august 2021 25.06.2021 Høyring og offentleg ettersyn - Planprogram for Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet i Osterøy kommune - merknadsfrist 31.august 2021 Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet skal rullerast. Saka gjeld varsling av oppstart av planarbeid og at framlegg til planprogram vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i minimum 6 veker. 22.06.2021 Høyring og offentleg ettersyn - Bustadsosial handlingsplan - merknadsfrist 31.august 2021 Føremålet med Bustadsosial handlingsplan er å sette ein visjon og målsettingar for bustadarbeidet i kommunen. 22.06.2021 Høyring og offentleg ettersyn - Barnehagebruksplan 2021-2030 for Osterøy kommune - merknadsfrist 31.august 2021 Ein barnehagebruksplan skal sikre ein barnehagestruktur i Osterøy kommune som stettar lovkrava og behovet for barnehageplassar på kort og lang sikt. Barnehagebruksplanen skal og gje føringar for utforming av barnehagar for framtida. Bygga skal ha gode rom for leik og læring i trygge og gode areal, samt leggje til rette for gode arbeidstilhøve for personalet. 21.06.2021 1.gongs høyring og offentleg ettersyn - Hoshovdstølen bustad og strandsone - PlanID 46302019003 - Merknadsfrist 13.august 2021 Føremålet med planen er eit nytt bustadområde med 30-35 bueiningar, ny gangsti over Åsen, strandsti, badeområde, småbåthamn, trafikkareal og areal til teknisk infrastruktur på Hoshovde. 01.06.2021 Kunngjering - Oppstart av planarbeid - Detaljregulering Hauge offentlege tenester planID 46302020003, delar av gbnr 4/4. Det vert med dette varsla om oppstart av reguleringsplanarbeid på Hauge med føremål å etablere offentlege tenester med tilhøyrande infrastruktur. 16.04.2021 2. gongs høyring og offentleg ettersyn Områderegulering Lonevåg -Lonevåg-Hatland planID 46302015001 - merknadsfrist 28.mai 2021 Det vert med dette kunngjort 2. høyring og offentleg ettersyn av områderegulering for Lonevåg. 14.04.2021 Kunngjering: Kommuneplanen sin samfunnsdel 2020-2030 Heradsstyret har i sak 006/21 vedteke å leggje ut kommuneplanen sin samfunnsdel 2020 – 2030 på 1. gongs høyring og offentleg ettersyn i 6 veker, jf. PBL § 11-14. Merknadsfrist er sett til 30.april 2021. 22.03.2021 Varsel om oppstart av planarbeid for «Interkommunal plan for sjøområda i Nordhordland» Kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal har i fellesskap starta prosessen med å utarbeide ein interkommunal plan for sjøareala i kommunane. 12.03.2021 Kunngjering - Oppstart av reguleringsplan Haus Sentrum Sør Det vert med dette varsla om oppstart av reguleringsplanarbeid i Haus sentrum sør gbnr 62/1, 6, 19, 67, 156, 168 m.fl 22.01.2021 Kunngjering - Høyring av Formannskapet si innstilling til budsjett 2021 Formannskapets innstilling til budsjett 2021 og økonomiplan 2021-2024 ligg med dette ute til høyring og offentleg ettersyn. 27.11.2020 Kunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Hosanger næringsområde - klagefrist 4.desember 2020 Planen legg til rette for utviding av eksisterande næringsområde knytt til Mjøs Metallvarefabrikk AS i Hosanger. 10.11.2020 Høyring og offentleg ettersyn - Temaplan for trafikksikring i Osterøy kommune 2020-2024 Heraddstyret har i sak 046/20 vedteke å leggje ut oppdatert handlingsdel til Temaplan for trafikksikring i Osterøy kommune på høyring og offentleg ettersyn i minst 6 veker. Merknadsfrist er sett til 30.oktober 2020. 14.09.2020 3. gongs handsaming av plansak 46302015003 Hosanger næringsområde - Holedalen - Mjøsvågen - Hosanger Planframlegget vert sendt på avgrensa høyring til regionale mynde som har hatt merknadar knytt til 2.gongs høyring av planframlegget. Avgrensa høyring har merknadsfrist til 14.oktober 2020. 03.09.2020 Kunngjering om offentleg høyring - Retningsliner for sal og skjenking av alkohol Heradsstyret har vedteke å leggja retningsliner for skjenking og sal av alkohol for perioden 2020 – 2024 ut på høyring før endeleg vedtak etter sommarferien. 01.07.2020 Val av meddommarar No er lista over val av meddommarar klar. 03.06.2020 1. gongs høyring og offentleg ettersyn Områderegulering Lonevåg -Lonevåg-Hatland planID 46302015001 - merknadsfrist 14.07.2020 Planområdet er på om lag 1500 daa og dekkjer store delar av det som er Lonevåg sentrum med tilhøyrande omland. Områdeplan Lonevåg- Hatland erstattar og opphevar eldre planar innanfor planområdet ved vedtak av planen. 18.05.2020 Uttale til forslag om mindre endring i Reguleringsplan for Haus sentrum, del sør PlanID 504_27 - merknadsfrist 15.04.2020 Planen gjeld endring av reguleringsplan for Haus sentrum - Del sør PlanID 504_27. Planframlegget legg opp til opparbeiding av ein fleirmannsbustad. Det regulerast og ein ny vegløysing sentralt i Haus. 03.03.2020 2. gongs høyring og offentleg ettersyn Detaljregulering Hosanger næringsområde - merknadsfrist 07.04.2020 Planen gjeld detaljregulering Hosanger næringsområde – Holedalen – Mjøsvågen - Hosanger, PlanID 12532015003. Planområdet omfattar gnr 92 bnr 4, 16 mfl. Føremålet med planen er i hovudsak tilrettelegging for utviding av næringsområde med tilhøyrande infrastruktur. 24.02.2020 Kunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Gloppemyra næring - Hauge- Klagefrist 7.februar 2020 Planen legg til rette for ein mellombels periode med massedeponi og ein framtidig etterbruk med næringsareal i samsvar med overordna planar som òg syner nærings/industriføremål. 16.01.2020 Offentleg høyring - Lokal føresegn om feie og tilsynstenester Føresegna skal styrke gjennomføringa av det brannførebyggjande arbeidet i bustader og andre bygningar gjennom reglar om feiing og tilsyn med fyringsanlegg i tråd med kartlagt risiko. 16.01.2020 Kunngjering av administrativt vedtak - Mindre endring av Områderegulering Valestrand sentrum - PlanID 12532011003 Endringane i planen gjeld for kollektivløysinga, «kyss og køyr»-løysing og tilkomst til parkeringsareal sør for skulen i Valestrand. 20.12.2019 1. gongs høyring og offentleg ettersyn - Detaljregulering Saltverket næringsområde - PlanID 12532018001 Planframlegget gjeld utviding av næringsområdet ved Saltverket i Fotlandsvåg. Merknadfrist er 20.februar 2020 19.12.2019 Kunngjering av endeleg vedtak - Kommunedelplan for oppvekst for Osterøy kommune Planen gjeld oppvekstsektoren i Osterøy kommune. Planen skal vere eit nyttig utviklings- og styringsverkty på kort og lang sikt, og skal liggja til grunn for prioriteringar og ressursbruk retta mot born, ungdom og unge vaksne i Osterøy kommune. 17.12.2019 Kunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Angelskår akvakulturområde - klagefrist 7.januar 2020 Føremålet med planframlegget er å regulera inn eit akvakulturareal og fortøyingsområde ved Angelskår. Planframlegget omfattar sjølve overflateanlegget og område under vatn som skal nyttast til oppankring av anlegget. 09.12.2019 Lokal føresegn om utslepp av sanitært avløpsvatn Heradsstyret i Osterøy kommune har vedteke ny lokal føresegn om utslepp av sanitært avløpsvatn 27.11.19 i sak 076/19 saman med tilhøyrande utsleppssonekart. Denne gjeld frå 1. januar 2020. 09.12.2019 Kunngjering av endeleg vedtak - Mindre endring Detaljregulering Fulgedalen bustad - Hatland Endringa gjeld Detaljregulering Fugledalen bustad, som vart vedteken 24.09.2014 06.11.2019 Kunngjering - Varsel om oppstart av privat reguleringsplan for Hoshovdstølen bustad og strandsoneplan Planen omfattar eit areal på ca. 180 daa på Hoshovdstølen, Hosanger. Formålet er å regulere 30- 40 frittliggande og konsentrerte småhus, hamneområde med fellesnaust, småbåthamn, strandsti i friluftsområdet langs sjøen og gangsti over Åsen til Hosanger. 10.07.2019 Kunngjering om varsel om mindre utviding av planområdet for områderegulering Lonevåg - merknadsfrist 21.august 2019 Det er naudsynt med nokre justeringar av planområdet for områdeplan Lonevåg. Planområdet vert utvida slik at den nye områdeplanen dekker grensene for dei eldre reguleringsplanane som vert oppheva. 10.07.2019 Kunngjering, høyring og offentleg ettersyn - Framlegg til lokal føresegn om utslepp av sanitært avlaupsvatn - merknadsfrist 09.september 2019 Framlegg til ny lokal føresegn i Osterøy kommune, som er tilpassa lokale høve. 10.07.2019 Kunngjering - utlegging av manntalet for Osterøy KOMMUNESTYRE- OG FYLKESTINGSVALET 2019 08.07.2019 Kunngjering - tidlegrøysting frå 1. juli Kommunestyre - og fylkestingsvalet 2019 24.06.2019 1. gongs høyring og offentleg ettersyn, Frivilligpolitikk i Osterøy kommune 2019 - 2023 - Merknadsfrist 06.08.2019 Dokumentet omhandlar både frivillig sektor og Osterøy kommune. Målet er å identifisere korleis Osterøy kommune i eit samarbeid kan betre legge til rette for deltaking og utvikling i frivillig sektor. 21.06.2019 1. gongs høyring og offentleg ettersyn, Detaljregulering Hosanger Næringsområde - merknadsfrist 30.08.2019 Planframlegget gjeld etablering av nye næringsområder og regulering av eksisterande næringsområde med tilhøyrande infrastruktur for Mjøs metallvarefabrikk i Hosanger. I tillegg omfattar planen ny løysing for avkøyring til næringsområdet og fortau langs vegen til Kossdalen, samt parkering for kyrkja. 21.06.2019 1.gongs handsaming av detaljregulering Holmane næring i Fotlandsvåg -merknadsfrist 30.august 2019 Saka gjeld detaljregulering av næringsområde i Fotlandsvåg – detaljregulering Holmane næring. Hovudformålet med planarbeidet er å utvida eksisterande næringsområde gjennom utfylling i sjø og legge til rette for langsiktig områdeutvikling. 14.06.2019 1.gongs høyring - Detaljregulering Angelskår akvakulturområde - merknadsfrist 30.august 2019 Planen gjeld detaljregulering av Angelskår Akvakulturområde. Føremålet med planframlegget er å regulera inn eit akvakulturareal og fortøyingsområde ved Angelskår. Området er avklart i gjeldande kommuneplan og føl avgrensinga i denne. 14.06.2019 Kunngjering av vallister 2019 Her kan du sjå godkjende vallister til kommunestyrevalet 2019. 14.06.2019 Kunngjering, høyring og offentleg ettersyn – Kommunedelplan for oppvekst - Merknadsfrist 06.08.19 Planen skal vere eit nyttig utviklings- og styringsverktøy på kort og lang sikt, og skal liggja til grunn for prioriteringar og ressursbruk retta mot born, ungdom og unge vaksne i Osterøy kommune. Hovudmål for planen er å leggja til rette for at kommande generasjonar kan utvikla seg til å verta born, ungdom og unge vaksne som meistrar notida og framtida. 12.06.2019 Endeleg vedtak - Detaljregulering masseuttak Vevletveit – klagefrist 03.05.2019 Planen gjeld detaljregulering av masseuttak på Vevletveit PlanID 12532016001 08.04.2019 Kunngjering endeleg vedtak - Detaljregulering Fosslia bustad – klagefrist 03.05.19 Planframlegget legg til rette for å utvikle eigedom gbnr 137/200 med eit leilegheitsbygg over tre etasjar, med ni bueiningar og tilhøyrande uteopphalds- og leikeareal. 08.04.2019 Listeforslag til kommunestyrevalet 2019 - til offentleg ettersyn Innkomne listeforslag til kommunestyrevalet 2019 ligg ute til offentleg ettersyn i Osterøy rådhus, Servicekontoret. 29.03.2019 Oppstart reguleringsplan av akvakultur Angelskår Det vert med dette meldt om oppstart av reguleringsplanarbeid for akvakultur utanfor Angelskår. 19.02.2019 Kunngjering av namnesak for Struken med fleire Kartverket har reist namnesak etter §6 i lov om stadnamn for å få avklart rett namnebruk og rette skrivemåtar for offentleg bruk. Dette gjeld mellom anna Struksentunnelen/Strukatunnelen, Hagebø/Kupo, Kyrkjebruvik/Kirke-Bruvik,Kløvvika/Kløvika m.fl. 31.01.2019 Kunngjering - Oppstart av detaljregulering Saltverket næringsområde Fotlandsvåg Det vert no starta opp arbeid med detaljregulering av Saltverket - Fotlandsvåg. Området skal regulerast til næringsverksemd og er i tråd med kommuneplanen sin arealdel. Høyringsfrist er sett til 4. januar 2019. 10.12.2018