HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringar1. gongs høyring og offentleg ettersyn, Detaljregulering Hosanger Næringsområde - merknadsfrist 30.08.2019

1. gongs høyring og offentleg ettersyn, Detaljregulering Hosanger Næringsområde - merknadsfrist 30.08.2019

I medhald av Plan- og bygningslova § 12-10  har Heradsstyret i møte 19.06.2019 gjort følgjande vedtak (HS 032/19):

"I medhald av plan og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 vert framlegg til plan for Detaljregulering Hosanger Næring PlanID 12532016006 datert, plankart datert 02.05.2019, planskildring datert 02.05.2019, føresegner datert 24.05.2019, VA rammeplan datert 05.04.2017 og tilhøyrande vedlegg lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.

Før endeleg vedtak av plan må reell flaumfarekartlegging gjennomførast og eventuelle rekkjefølgekrav knytt til sikring/flaumførebygging må formulerast i føresegnene. Dimensjonerande skredtype med gjentaksintervall (årleg nominellt sannsyn jamfør teknisk forskrift) må kartfestast og omtalast i føresegnene.

Planen erstattar deler av Hosanger sentrum PlanID 504_63 og heile Hosanger industriområde PlanID 2008300."

 

FRAMLEGG TIL PLAN

Planområdet er på om lag 71 daa og regulerer til næring, LNFR, samferdsleanlegg og bustader (frittliggjande småhus). I kommuneplanen sin arealdel (KPA) 2011 – 2023 er planområdet i hovudsak sett av til næring, landbruk, natur, friluftsliv og reindrift (LNFR), spreidd busetnad og sentrumsføremål. Deler av planframlegget er dermed ikkje i tråd med overordna plan.

Tiltakshavar er Mjøs Metallvarefabrikk AS. Plankonsulent er Opus Bergen AS..

Planforslaget er regulert til føremål under;

§ 1.2.1 Bygg og anlegg (Pbl § 12‐5 ledd nr 1)

-          Bustader – frittliggande småhus – BFS

-          Næringsbygningar ‐ BN

-          Andre kommunaltekniske anlegg – BKT

 

§ 1.2.2 Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur (Pbl § 12‐5,ledd nr 2)

-          Veg – SV

-          Køyreveg – SKV

-          Fortau – SF

-          Gangveg/gangareal/gågate ‐ SGG

-          Annan veggrunn – SVT

-          Annan veggrunn‐grøntareal ‐ SVG

-          Parkering ‐ SPA

-          Kombinert næringsbusetnad og gangveg/gangareal/gågate ‐ SAA

 

§ 1.2.3 Grønnstruktur (Pbl § 12‐5 ledd nr 3)

-          Grønnstruktur – G

 

§ 1.2.4 Landbruks‐, natur‐ og friluftsføremål samt reindrift, samla eller kvar for seg (Pbl § 12‐5 nr 4)

-          LNFR areal for naudsynte tiltak for landbruk, reindrift og næringsverksemd tilknytt garden basert på resursgrunnlaget til garden – L

 

§ 1.2.5 Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone (Pbl § 12‐5 ledd nr 6)

-          Naturområde ‐ VN

 

§ 1.2.6 Omsynssone (Pbl § 12‐6 og jf PBL 11‐8)

-          Frisiktsone (H140)

-          Skredfare (H310)

-          Flaumfare (H320)

-          Høgspenningsanlegg (H370)

-          Bevaring av naturmiljø (H560)

-          Bevaring av kulturmiljø (570)

-          Bandlegging etter kulturminnelova (H730)

 

Planforslaget omfattar:

Plankart datert 02.05.2019
Føresegner datert 24.05.2019
Planskildring datert 02.05.2019
VA-rammeplan datert 05.04.2017
Skredfarerapport revidert 22.05.2109
NML-vurdering
Kostnadsanslag, fjellhall
Vegetasjonsplan
Sol-skygge illustrasjon
Snitt og arealutforming
Snitt, næringsområde
Illustrasjonsplan 1
Illustrasjonsplan 2

Plankartet saman med føresegnene er juridisk bindande for framtidig arealbruk jfr pbl § 12-4.

Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn

Naboar, grunneigarar og offentlege instansar vert varsla direkte med brev. Plandokumenta ligg til gjennomsyn i Osterøy rådhus servicekontoret og Osterøy bibliotek. Dei kan og sjåast på https://www.osteroy.kommune.no/innhald/politikk-og-hoyringar/hoyringar-og-kunngjeringar/

Eventuelle merknadar vert å senda Osterøy kommune v/ Plan, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg eller til post@osteroy.kommune.no (merk gjerne epost med «merknad» og «plan») innan 30.august.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.
Innsending av merknad stilast til Plan og merkast med namn eller plannummer på aktuelle plan.

Merknadsfrist: 30.08.2019

Etter utgått merknadsfrist vert innkomne merknadar vurdert og planfranlegget evt. justert før ein legg planframlegg fram for 2.gongs handsaming, jfr Pbl § 12-10.

For å følge saka kan du gå inn her: http://innsyn.sing.no/osteroy/innsyn/wfinnsyn.ashx?response=arkivsak_sok_tomdefault&

Du må søke på saksnummer 15/2162 for å få opp info om aktuell sak.


Sist oppdatert: 21.06.2019
Publisert: 21.06.2019