HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarEndeleg vedtak - Detaljregulering masseuttak Vevletveit – klagefrist 03.05.2019

Endeleg vedtak - Detaljregulering masseuttak Vevletveit – klagefrist 03.05.2019

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) §12-12 er framlegg til plan handsama i Heradsstyret 20.august 2019 med slikt vedtak:

  1. I medhald av plan og bygningslova § 12-12 vert framlegg til Detaljregulering masseutttak Vevletveit Plan ID 12532016001 med føresegner, plankart og planskildring datert 22.01.2019, VA rammeplan 20.06.18. og tilhøyrande vedlegg vedteke.
  2. Detaljregulering masseuttak Vevletveit gjeld framfor deler av Reguleringsplan for RV 567 Hauge – Lonevåg.

 

Framlegg til plan

På vegne av tiltakshavar Fotlandsvåg Maskinentreprenør AS v/Roger Hartveit har Multiconsult Norge AS utarbeidd eit planforslag for massetak på delar av gbnr 6/1 på Vevletveit i Osterøy kommune. Innanfor planområdet er det i dag eit eksisterande massetak som er underlagt krav om reguleringsplan. Avgrensinga av massetaket følgjer avgrensinga til arealføremålet råstoffutvinning i kommuneplanen, og planframlegget samsvarer såleis med overordna plan. Føremålet med reguleringsplanen er å hente ut resterande mineralressursar i dagens uttak og sikre god tilbakeføring av landskapet til LNF-føremål etter avslutta drift. Planen omfattar også utbetring av avkøyrsle mot fv. 362.

Sakspapir - Andre gongs handsaming - Detaljregulering av masseuttak Vevletveit 

Planforslaget omfattar:

Plankartet saman med føresegnene er juridisk bindande for framtidig arealbruk jfr pbl § 12-4.

Plandokument og vedtak ligg på kommunen si heimeside www.osteroy.kommune.no under høyringar og kunngjeringar, og til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset og på biblioteket. Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Jamfør plan og bygningslova § 12-12 tredje ledd kan vedtaket påklagast.

Eventuelle klager vert å senda Osterøy kommune v/ Plan, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg eller til post@osteroy.kommune.no.

Klage må vere framsett skriftleg innan 3.mai 2019.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksistenande tiltak, jf. PBL §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3- tre år- etter denne kunngjeringa, jf. PBL § 15-2 og 3.

Klagefrist er sett til 03.05.2019.


Sist oppdatert: 08.04.2019
Publisert: 08.04.2019