Høyring og offentleg ettersyn - Søknad om endra plassering av anlegg for oppdrett av matfisk av regnbogeaure på lokalitet 13644 Tepstad i Osterøy kommune.

Sjøtroll Havbruk AS (heretter SH) er eit havbruksselskap som driv oppdrett av laks og regnbogeaure i Hordaland. I SH er Lerøy Seafood Group (heretter LSG) største eigar med over 50,7% av aksjane, resten av aksjane er kontrollert av det lokale fiskebåtreiarlaget Hardhaus AS på Bekkjarvik i Austevoll kommune. LerøyVest AS (heretter LV) er eit havbruksselskap som driver oppdrett av laks og regnbogeaure i Hordaland. LV er 100 % eid av LSG. LV er søsterselskapet til SH. LV og SH har felles administrasjon, LerøySjøtroll (heretter LS) og har til saman 63 løyver for oppdrett av laks og regnbogeaure i sjø, og har ca. 40 lokalitetar av ulik storleik i Hordaland. LS har aktivitet i 13 kommunar i Vestland og 1 kommune i Rogaland.

I Osterfjorden disponerer SH havbrukslokalitet 13644 Tepstad med eit utsleppsløyve på MTB 5 460 tonn. På nemnte lokalitet ligger det i dag 12 stk. plastringar med omkrins på 160 meter, fortøydd i rammefortøying i 100 x 100 meter ramme totalt for heile ramefortøying vert 600 x 200 meter. I gjeldande arealdel til kommuneplanen er arealet sett av til Akvakultur flytta 200 meter lengre ut frå land, enn eksisterande lokalitet. For å koma lengre frå land, slik at vi redusera påverknad til dei næraste bustadane, ønsker vi å flytta lokalitet Tepstad ut i gjeldande Akvakulturområde i arealdel til kommuneplanen for Osterøy kommune.

Ut frå det ovannemnde søkjar hermed Sjøtroll Havbruk AS om å flytta lokalitet 13644 Tepstad 200 meter lengre ut frå land, slik at vi kjem inn i gjeldande Akvakulturområde avsett i kommuneplanen til Osterøy kommune. Det vert elles ingen endring av produksjonen på lokalitet Tepstad.

Frist for å kome med merknader er 10.august 2021. 

 

Søknad og vedlegg

 

Kontakt og spørsmål 

Treng De ytterlegare informasjon, ver venleg ta kontakt med

Nild Arve Eidsheim

Samfunnskontakt 

Sjøtroll Havbruk og Lerøy Vest

Mobil: 957 64 181 

E-post: nilsei@leroy.no

 


Sist oppdatert: 29.06.2021
Publisert: 25.06.2021