Høyring og offentleg ettersyn - Barnehagebruksplan 2021-2030 for Osterøy kommune - merknadsfrist 31.august 2021

Heradsstyret gjorde i møte 17/6 2021, i sak 056/21 følgjande vedtak:

"Barnehageplan 2021 -2030 vert lagt ut til offentleg høyring i perioden 20.6.21 til 31.8.21 med følgjande endringar:

1. Endre første ledd i setning Side 19, siste avsnitt til: Ny tomt til barnehage. I områdeplanen for Lonevåg er det foreslått å setje av tomt til ny barnehage for å kunne auke kapasiteten. Endre første kolonne i siste rad Side 25 til: Tomt i Lonevåg sett av i områdeplan.

2. Kulepunkt midt på s24: "Rådmannen tilrår at tomta som er regulert til barnehage i Lonevåg ikkje vert nytta til barnehageføremål i planperioden. Vert endra til: "Rådmannen tilrår at tomta sett av i områdeplan til barnehage i Lonevåg ikkje vert nytta til barnehageføremål i planperioden."

3. "Flytte bilde s.18 av alle barnehagane til øvst på s.4 før kapittelet: "2. NASJONALE OG LOKALE FØRINGAR FOR BARNEHAGESEKTOREN.

4. Avviklinga av Mjøsdalen barnehage vert utsett med eitt år til sommaren 2023. Grunngjevinga er at dei fleste foreldra til born i barnehagen arbeider enten i bygda eller mot Lonevåg/Bergen. Alternativ barnehageplass i Fotlandsvåg vert difor svært lite tenleg, då ein får samla auka reisetid med minst 40 minutt dagleg. I 2023 er utvidinga av Hauge barnehage etter planen klar, som er mykje betre med tanke på logistikk for foreldra i Mjøsdalen.»

Heile saksframlegget kan du lese her. 

Saksopplysningar

I åra 2000 - 2018 var det tilflytting av barnefamiliar på Osterøy og fødselstala var høge. I fleire år var det behov for om lag 20 nye barnehageplassar og dei barnehagane som kunne utvide kapasiteten gjorde det. Hauge barnehage vart ferdig i 2012 og er den nyaste barnehagen i Osterøy kommune. Etter 2018 har folketalsutviklinga flata ut. Det vart planlagt ei utbygging av Hauge barnehage for å møte ytterlegare behov for barnehageplassar. Totalt har vi 8 barnehagar i Osterøy kommune i dag, der 2 er privateigde og 6 er kommunale.

For å svare på framtidig kapasitetsbehov i barnehagane må vi analysere barnetalsutvikling og framtidig trong for barnehagar i kommunen under eitt og i dei lokale sentra, samt om det er grunnlag for å etablere fleire nye barnehageplassar i dei ulike lokale sentra på Osterøy. Trygge Barnehagar har søkt om å byggje ein ny barnehage i 2022 på Rundhovde. Det er og motteke søknad om å drive ein familiebarnehage på Valestrandsfossen. Barnehagebruksplanen skal og gje føringar for utforming av barnehagar for framtida. Bygga skal ha gode rom for leik og læring i trygge og gode areal, samt leggje til rette for gode arbeidstilhøve for personalet.

Planframlegg

Barnehagebruksplan 2021-2030 Osterøy kommune, med endringar frå Heradsstyret 17.06.2021. 

Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til

Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg.

Merknadsfrist: 31.august 2021

 


Sist oppdatert: 22.06.2021
Publisert: 21.06.2021