HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring og offentleg ettersyn - Bustadsosial handlingsplan - merknadsfrist 31.august 2021

Høyring og offentleg ettersyn - Bustadsosial handlingsplan - merknadsfrist 31.august 2021

Heradsstyret gjorde i møte 17/6 2021 følgjande vedtak:

(NB: Vi beklagar! Det vert oppdaga ein feil i denne artikkelen. Vedtaket frå heradsstyret låg diverre ikkje sitert riktig her. Ein kunne likevel lese riktig vedtak dersom ein følgde linka under og leste heile saksframlegget. Feilen vart retta 18.08.2021):

"Bustadsosial handlingsplan med følgjande endring, side 8, andre avsnitt i planen vert endra med tillegg av ny fjerde setning: "Samlokalisering og toleranse i nærmiljøet: Brukarar innan rus og psykiatri skal ikkje vera samlokalisert med eldre." vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i 6 veker."

Heile saksframlegget kan du lese her.

Saksopplysningar

Føremålet med Bustadsosial handlingsplan er å sette ein visjon og målsettingar for bustadarbeidet i kommunen. Planen gjer greie for utfordringane som ligg i å sikre innbyggjarane i Osterøy kommune tenlege bustader, korleis vi skal prioritere og korleis dette skal løysast. Planen visar dagens og framtidas behov ut i frå folketalsutvikling, sosiale behov og utviklingstrekk i Osterøysamfunnet. Planen er eit verktøy for å realisere målsettingaom sosial berekraft i samfunnsdelen av kommuneplanen. Handlingsdelen visar korleis vi skal arbeide for å nå målsetjingane som ligg til grunn for planen.

Planframlegg

Bustadsosial handlingsplan 2021-2025. 

Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til

Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg.

Merk merknaden med "Bustadsosial handlingsplan"

Merknadsfrist: 31.august 2021

 


Sist oppdatert: 18.08.2021
Publisert: 22.06.2021